Oppgåve
Programmering og funksjonsdrøfting
Vi kan lage program som gjer dei ulike operasjonane i funksjonsdrøfting for oss.
Vi ønskjer å lage eit program som kan gjere funksjonsdrøftinga av vilkårlege andregradsfunksjonar for oss. Programmet skal kunne ta imot ein vilkårleg andregradsfunksjon og gjere følgjande:
- skrive ut den deriverte funksjonen
- drøfte monotonieigenskapane til funksjonen
- finne eventuelle nullpunkt til funksjonen
- finne toppunktet (eller botnpunktet)
- finne skjeringspunktet med andreaksen
- teikne grafen (som ein kontroll på at det programmet kjem fram til, er rett)
Hugs å skrive algoritmen til programmet først. Ta med forklarande tekstar.
Gjer det same som i den førre oppgåva, men no skal det gjerast med ein vilkårleg tredjegradsfunksjon.