Film og filmklipp
Fysisk aktivitet og hjernen – film og oppgåver
Forsking viser at fysisk aktivitet er like viktig for hjernen vår som for kroppen. I denne filmen fortel lege og hjerneforskar Ole Petter Hjelle om korleis fysisk aktivitet påverkar hjernen, og om korleis pasientar har fått betre helse og livskvalitet av å trene regelmessig.
Dei fleste av oss veit at fysisk aktivitet er bra for helsa vår, og vi kjenner oss betre både fysisk og psykisk når vi har vore aktive. Trening er bra for kroppen, men har òg positiv effekt på læring, minne og intelligens. I tillegg reduserer fysisk aktivitet risikoen for hjernesjukdommar og psykiske plager, og det hjelper deg med å handtere stress.
Oppgåver
Sjå filmen, og svar på spørsmåla.
- Kva gevinstar utover betre fysisk form opplever pasientane som deltek i treningsgruppa?
- Kva motiverer deg til å vere fysisk aktiv?
Kva er det som eventuelt hindrar deg i å vere fysisk aktiv?
Kva trur du at du kan oppnå viss du blir meir fysisk aktiv?
- Lag ei oversikt over aktivitetane dine den siste veka. Gå inn på lenkja til Helsedirektoratet under, og sjå korleis aktivitetsnivået ditt stemmer med tilrådingane.
Hjelle, O. P. (2018). Sterk hjerne med aktiv kropp. Oslo: Kagge forlag.