Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Aktivitet: overføring av nerveimpulsar

I denne aktiviteten kan de demonstrere og prøve ut korleis nerveimpulsar blir overførte i synapsar og vandrar frå nervecelle til nervecelle.
Figurar av menneskekroppar som er stilte opp på rekkje og held armane ut til sida. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Føremål

Føremålet med denne aktiviteten er at elevane skal få ei fysisk oppleving av korleis ein nerveimpuls blir overført mellom nerveceller. I tillegg gir aktiviteten trening i å bruke faguttrykk.

Lag ei kjede av nerveceller

  1. Still dykk på rekkje med ei armlengds avstand til kvarandre.
    - Kvar person illustrerer ei nervecelle.
    - Høgre arm er dendrittane til cella.
    - Kroppen er cellekroppen.
    - Venstre arm er aksonet, og venstre hand er den synaptiske enden.

  2. Hald nokre knappar, perler eller anna som kan illustrere transmitterstoff, i venstre hand. Hugs at kvar nervecelle har sine eigne transmitterar!

  3. Når læraren seier "start", plasserer personen først av rekkja sitt transmitterstoff i handa (dendritten) til personen (nervecella) som er nærast.

  4. Neste nervecelle (person) overfører transmitterane sine til den neste nervecella, og signalet blir på denne måten sendt til enden av rekkja.

  5. Tillegg: Gjer aktiviteten éin gong til, men denne gongen må elevane samtidig bruke fagomgrep som beskriv aktiviteten i nerveceller og synapsar når nerveimpulsen passerer.
    Detaljnivået kan aukast for kvar runde. Døme:
    "Dendritten får eit nervesignal som blir sendt vidare gjennom aksonet til aksonenden."
    "Transmitterstoffet blir overført gjennom synapsen til ei ny nervecelle."

Tenk gjennom

  • Kva skjer i aksonenden, i dendritten og i aksonet når nerveimpulsen passerer?

  • Samanlikn farten på nerveimpulsen i elevrekkja med kor fort ein nerveimpuls går i verkelegheita.

  • Kva skjer viss den siste personen i rekkja er ei muskelcelle? Korleis vil de demonstrere dette?

  • Korleis kan de demonstrere eit kontinuerleg nervesignal?

  • Nokre nerveimpulsar går raskt, mens andre til samanlikning går langsamt. Kvifor?

Kjelde

Tandberg, C. & Grønlien, H. (2014). Øvelser i sansefysiologi. Universitetet i Oslo: Skolelaboratoriet.

CC BY-SASkrive av Cato Tandberg, Heidi Grønlien og Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 04.04.2022

Læringsressursar

Nervesystemet