Hopp til innhald

Fagstoff

Nervesystem hos fleircella dyr

Alle dyr, uansett storleik, har behov for å reagere på omgivnadene og sende signal i eigen kropp. Dei enklaste organismane har primitive nervesystem, men jo større og meir utvikla dyra er, desto meir komplekse er kommunikasjonssystema deira.
Gjennomsiktig insekt med synleg nervesystem. Teikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nervesystem

Hos dyr er det å kunne få signal frå omgivnadene og respondere føremålstenleg ein viktig livsprosess, både for å få tilgang på næring og for å unngå fiendar. Nokre dyr kan bruke både tidlegare erfaringar og ny informasjon når dei vel åtferd.

Alle fleircella dyr bortsett frå svampar har nerveceller i eit nettverk som dannar eit nervesystem. Svampar er dei mest primitive fleircella dyra, og truleg dei første fleircella dyra på jorda. Dei har verken vev eller organ. Les meir om svampar i Store norske leksikon.

Nerveceller med mange utløparar som dannar eit nettverk. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I meir komplekse organismar er både nervesystemet og det endokrine systemet meir utvikla, og begge er med på å regulere fysiologi og åtferd. Nervesystemet består av nevron som fraktar elektriske signal. Dei mest utvikla dyra har både eit sentralt og eit perifert nervesystem.

Vi kan skilje mellom fire typar av nervesystem med stadig større kompleksitet: diffust, strengforma, gangliøst og røyrforma.

Diffust nervesystem

Dykkar nærmar seg stor sjøanemone på havbotnen. Foto.

Det enklaste nervesystemet finst hos rekkja nesledyr, som også blir kalla polyppdyr og holdyr. Dei omfattar sjøanemonar, korallar, maneter og hydroidar. Nesledyr er dyr utan hovudende, forma som ein hol sekk med ein munn omgitt av tentaklar. Alle lever i vatn. Desse utgjer rekkja med dei mest lågareståande av dei ekte, fleircella dyra.

Hos nesledyr er heile kroppen gjennomvoven av stjerneforma nerveceller som ligg i (det ytste vevet). Nervesignalet blir spreidd sakte over heile nervenettet i alle retningar utan overordna kontroll, og kroppsbevegelsen er ein refleks.

Strengforma nervesystem

Gjennomsiktig manet med synlege gonadar og eit tett slør av tentaklar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hos dyr med sanseorgan er nervecellene ordna i rekkjer som blir kalla strengforma nervesystem. Det knyter sanseorgana til muskulaturen og resten av kroppen. Nervesignalet følgjer ikkje bestemte baner og kan gå begge vegar. Det skjer heller inga sentralstyring og behandling av informasjon.

Stormanetene har eit nervenett over heile den klokkeforma kroppen. I tillegg har dei ein tettare ring av nervefibrar langs kanten. Denne styrer rytmiske slag.

Ei sjøstjerne krummar armane sine rundt eit blåskjel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Pigghudingar som sjøstjerner har eit meir avansert system med ei antyding til deling mellom sentralt og perifert nervesystem. Dei har ein ring av nervevev rundt munnen, og ut frå denne går det fem strålar med nervevev. Det nervesystemet med nervering og nervar som går ut i armane på sjøstjerna, gjer at ho kan snu seg rundt eller klemme rundt eit blåskjel.

Gangliøst nervesystem

Indre anatomi hos insekt. Teikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Meir komplekse dyr har fleire nerveceller. Når nerveceller er samla i såkalla , blir det ein type sentralt nervesystem med fleire koplingssentralar. Leddormar, blautdyr og leddyr har eit gangliøst nervesystem der nervecellene er samla i gangliar som er forbundne med kvarandre. Frå gangliane går det nervefibrar til alle organ. Dyr som har nervevev samla i gangliar, har instinktiv stereotyp åtferd. Det betyr at reaksjonen på ein bestemt type stimuli er lik kvar gong.

Tredimensjonal teikning av dei indre organa til ein meitemark. Teikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I evolusjonen førte symmetri til utvikling av ein hovudregion med sanseorgan. Leddyr, leddormar og blautdyr har eitt par hjernegangliar over svelget i hovudregionen og ein nervering omkring svelget. Leddormar har ei bukgangliekjede med to stigeliknande langsgåande nervar med gangliar på kvart ledd og tversgåande nervar.

Hos blautdyr (sniglar, skjel, blekksprutar og sjøtenner) er nervefibrane samla i nervar. Det går to hovudnervar ut frå nerveringen. Den eine går til eit gangliepar i foten, og den andre til fordøyingsorgan.

Røyrforma nervesystem

Eit embryo med tydeleg hovud og spiss hale. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det røyrforma sentralnervesystemet er eit karaktertrekk hos alle ryggstrengdyr. Dei er den siste i rekkja av ei lang utvikling i dyreriket, og omfattar kappedyr som sjøpungar, lansettfiskar og virveldyr. Ryggstrengen er eit fast, elastisk og stavforma støtteorgan som går langs kroppen under fosterutviklinga hos alle ryggstrengdyr.

Over ryggstrengen ligg eit røyrforma anlegg til sentralnervesystem som blir danna tidleg i fosterlivet. Det skjer ved at ektodermen i embryoet buktar seg inn og dannar ein kanal. Hos virveldyr utvidar den fremste delen av kanalen seg sterkt der hjernen blir danna. Hjernen og ryggmergen utgjer til saman sentralnervesystemet hos virveldyr.

På slutten av denne videoen kan du sjå folden som blir danna av det ytre cellelaget og seinare gir opphav til ryggstrengen og nevralrøyret hos eit froskeembryo. I starten ser du , som seinare dannar mage og indre organ.

Hos virveldyr vil bein og brusk gjere om ryggstrengen til ryggrad. Ryggstrengen blir då berre bevart som små væskefylte "puter" i brusken i mellomvirvelskiva.

Lansettfisk, som er lansettforma, nesten glasklar og opptil 7 cm lang. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lansettfisk er ein av dei få artane der ryggstrengen ikkje utviklar seg til ei ryggrad, sjølv ikkje hos fullt utvaksne individ. Det einaste skjelettet lansettfiskane har, er ein ryggstreng i heile kroppslengda. På ryggsida over ryggstrengen strekkjer det seg ein røyrforma hovudnerve som utvidar seg i ei hjerneblære med lysoppfattande cellegrupper. Nervar går ut frå hovudnerven til kvart segment i kroppen.

Tenk gjennom

  • Er det nokon samanheng mellom typen nervesystem og storleiken til dyret?

  • Korleis verkar utforminga av nervesystemet inn på levesettet til dyret?

Relatert innhald

Utviklinga av organismar som høyrer til dyreriket, starta i havet for over 600 millionar år sidan. Dyreriket omfattar eit stort mangfald av artar.

Kjelder

Nervesystem. (2018, 15. november). I Store norske leksikon. Henta 7. april 2022 frå https://snl.no/nervesystem_-_biologi

Olsen, K. M. (2021, 21. desember). Ryggstrengdyr. I Store norske leksikon. Henta 7. april 2022 frå https://snl.no/ryggstrengdyr

Ryggstreng. (2022, 5. januar). I Wikipedia. Henta 7. april 2022 frå https://no.wikipedia.org/wiki/ryggstrengdyr#Ryggstreng

Støp-Bowitz, C. & Sømme, L. S. (2022, 17. februar). Nesledyr. I Store norske leksikon. Henta 7. april 2022 frå https://snl.no/nesledyr

UiO. (2022, 7. januar). Nervesystem. I Botanisk og plantefysiologisk leksikon. Henta 7. april 2022 frå https://www.mn.uio.no/ibv/tjenester/kunnskap/plantefys/leksikon/n/nervesystem.html

Vøllestad, A. (2021, 16. desember). Lansettfisker. I Store norske leksikon. Henta 7. april 2022 frå https://snl.no/lansettfisker

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 31.03.2022

Læringsressursar

Nervesystemet