Hopp til innhald

Fagstoff

Sentralnervesystemet

Sentralnervesystemet består av hjernen og ryggmergen. Hjernen er hovudorganet i sentralnervesystemet. Han er veldig kompleks og består av eit uendeleg tal nerveceller som kan formidle millionar av nerveimpulsar kvart sekund. Hjernen kontrollerer resten av nervesystemet via ryggmergen.

Kva er sentralnervesystemet?

Illustrasjon som viser overkropp der hjerne og ryggmerg er markerte

Sentralnervesystemet består av hjernen og ryggmergen. Hjernen er det mest komplekse organet i kroppen, og han kontrollerer resten av nervesystemet. Hjernen får informasjon frå sansane våre og dei indre organa. Han ligg beskytta av fleire hinner i hjerneskallen, som er den delen av kraniet som omgir hjernen.

Ryggmergen er sambandet mellom hjernen og det perifere nervesystemet. Han ligg beskytta i virvelsøyla, der alle virvlar har eit holrom. Desse holromma dannar til saman ryggmergskanalen.

Oppgåva til sentralnervesystemet er først og fremst å styre aktiviteten i organismen sine organ. Då er det viktig med påliteleg informasjon om tilstanden til organismen og om forholda i omgivnadene. Det er opplysningane frå sanseorgana kombinert med erfaringar som bestemmer åtferda til organismen.

Hjernen

Visste du dette om hjernen?

  • Hjernen til eit vakse menneske veg omtrent 1400 gram.

  • Hjernen kan formidle millionar av nerveimpulsar kvart sekund.

  • Hjernen har om lag 1000 milliardar hjerneceller. Av desse er det 100 milliardar nerveceller og 900 milliardar gliaceller (hjelpeceller).

  • Kvar nervecelle kan ha opptil 20 000 dendrittar som koplar cella til andre nerveceller.

Dei enkelte delane av hjernen har ulike funksjonar. Grovt sett deler vi hjernen inn i storhjernen, mellomhjernen, veslehjernen og hjernestammen.

Illustrasjon som viser tverrsnitt av hjernen med namn på dei ulike delane
Opne bilete i eit nytt vindauge

Storhjernen

Storhjernen ligg øvst og utgjer størstedelen av hjernen. Han er delt i høgre og venstre hjernehalvdel. Hjerneborken ligg ytst i dei to halvdelane. I storhjernen finn vi fire dominerande område i hjerneborken. Kvart av desse har sine hovudoppgåver:

Illustrasjon som viser dei ulike områda av hjernen sett frå overflata
Opne bilete i eit nytt vindauge
Foto av menneskehjerne med eit snitt som viser kvitt vev med myelin

Det er i storhjernen vi gjer vurderingar, trekkjer slutningar og tenkjer logisk. Det er her vi planlegg, les, bereknar, løyser problem og legg langsiktige planar. Det er òg her våre kreative og kunstnariske evner ligg.

Høgre og venstre hjernehalvdel styrer ulike aktivitetar i kroppen, men dei samarbeider òg. Les meir om dette i Funksjonsområda til hjernehalvdelane.

Hjernestammen

Hjernestammen er bindeleddet mellom ryggmergen og resten av hjernen. Han består av , og . Her blir fleire livsviktige kroppsfunksjonar kontrollerte: bevisstheit, søvn, blodtrykk, respirasjon, fordøying, minuttvolumet til hjartet og fordelinga av blod til ulike organ.

Mellomhjernen

Animasjon som viser roterande hovudskalle med thalamus markert i sentrum

Mellomhjernen er ikkje lett å avgrense og blir ofte beskriven som ein del av hjernestammen. Mellomhjernen består av , og . Han ligg midt i hjernen som ein krage omkring hjernestammen. Thalamus fungerer som eit filter og ein omkoplingsstasjon for nerveimpulsar som skal til og frå område i storhjerneborken. Hypothalamus styrer det , regulerer kroppstemperaturen og sender impulsar til hypofysen. Hypofysen produserer ei rekkje livsnaudsynte hormon og styrer dei .

Mellomhjernen blir av og til kalla for "pattedyrhjernen", fordi han liknar på hjernen til andre varmblodige pattedyr. Mellomhjernen styrer sosiale relasjonar, hormonregulering, seksualitet, dømmekraft og langtidsminne.

Veslehjernen

Animasjon som viser roterande hjerne med markert veslehjerne nedst bak i hjerneskallen

Veslehjernen og hjernestammen blir til saman iblant kalla "reptilhjernen", fordi han liknar på hjernen vi finn hos krypdyr. Reptilhjernen styrer dei instinktive funksjonane våre. Desse er viktige for at vi skal overleve.

Veslehjernen har djupe furer i borken. Det gir eit stort areal med plass til talrike nervesamband til andre delar av hjernen.

Veslehjernen får først og fremst informasjon om balanse, bevegelse og koordinasjon, og sørgjer for at bevegelsane blir jamne og koordinerte. Veslehjernen er òg involvert i innlæring av bevegelsar.

Ryggmergen

Illustrasjon som viser tverrsnitt av ryggvirvel, ryggmerg og spinalnervar

Ryggmergen er 40–50 cm lang og dannar sambandet mellom hjernen og det perifere nervesystemet.

Ryggmergen består av grå og kvit substans. Cellelekamen til nervane ligg i den grå substansen, og nervefibrane (akson) ligg langs den kvite substansen. Den kvite fargen kjem av at mange av desse fibrane er myelinkledde.

Foto som viser tverrsnitt av ryggmergen: gult felt inst og kvitt felt ytst

Ei snor av samanfletta nervetrådar går frå hjernen ned gjennom ryggmergen og er beskytta av ryggvirvlane. Frå kvar enkelt ryggvirvel forgreinar nervebuntar seg til ulike delar av kroppen. Her er det nervar for både innkomande og utgåande signal. Ryggmergen styrer òg ein del av dei livsviktige refleksreaksjonane i kroppen.

Relatert innhald

Kjelder

Erlandsen, R. (2021, 10. august). Frontallappen. Lommelegen. Henta 15. februar 2022 frå https://www.lommelegen.no/nervesystemet/artikkel/frontallappen/72908533

Faiz, K. W. (2021, 31. juli). Hjernen. I Store medisinske leksikon. Henta 15. februar 2022 frå https://sml.snl.no/hjernen

Holck, P. (2022, 18. januar). Isselappen. I Store medisinske leksikon. Henta 15. februar 2022 frå https://sml.snl.no/isselappen

Holck, P. (2021, 5. januar). Tinninglappen. I Store medisinske leksikon. Henta 15. februar 2022 frå https://sml.snl.no/tinninglappen

Jansen, J. K. S., Glover, J. og Holck, P. (2022, 30. januar). Nervesystemet. I Store medisinske leksikon. Henta 15. februar 2022 frå https://sml.snl.no/nervesystemet

Jansen, J. K. S. (2021, 29. august). Lillehjernen. I Store medisinske leksikon. Henta 15. februar 2022 frå https://sml.snl.no/lillehjernen

Jansen, J. K. S. (2020, 15. oktober). Pannelappen. I Store medisinske leksikon. Henta 15. februar 2022 frå https://sml.snl.no/pannelappen

Jansen, J. K. S. (2019, 17. juli). Mellomhjernen. I Store medisinske leksikon. Henta 15. februar 2022 frå https://sml.snl.no/mellomhjernen

Nybrodahl, S. T. & Håkonsen, H. O. (u.å.) Hjernens oppbygning og virkemåte. Henta 15. februar 2022 frå http://www.nybrodahl.com/kap1/hjernens_oppbygning.htm

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 12.02.2023

Læringsressursar

Nervesystemet