Hopp til innhald

Fagstoff

Livsstil, rus og skadar i nervesystemet

Til liks med andre organsystem er nervesystemet vårt utsett for sjukdommar og skadar. Nokre skadar er genetisk funderte, andre kjem av livsstil eller uhell. Sjølv om vi ikkje alltid veit årsaka til skadane, er det ingen tvil om at livsstilen vår påverkar måten nervesystemet fungerer på.
Seks bilete: fest, nerveimpuls, fjelltur, søvn, stress og rusa ung jente. Foto-kollasj.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Livsstil påverkar nervesystemet

Eit kompass som peiker på ordet balanse mellom kosthald, trening, stress og søvn. Illustrasjon.

Både søvn, kosthald, døgnrytme, fysisk aktivitet, stress og rusmiddel har noko å seie for korleis nervesystemet vårt fungerer.

Du har kanskje opplevd at det er vanskeleg å konsentrere seg når du er sliten, er stressa, har smerter eller har sove for lite. Viss du over lang tid søv lite, kan minnet bli svekt. I tillegg gjer det deg meir utsett for depresjon.

Viss du får for lite søvn, blir du fortare sliten og kanskje stressa fordi du ikkje klarer ting. Høgt stressnivå kan igjen gi stramme musklar og hovudverk.

Ein mann søv. Det går ei trapp frå hjernen. Der jobbar ein liten mann med lagring, rydding og arkivering i skya. Illustrasjon.

Viss du opplever slike livsstilsplager, bør du vurdere å endre nokre vanar for å få det betre.

Hjernen er eit av fleire organ som bidreg til å bevare eit stabilt indre miljø, såkalla homeostase. Når du søv, går det føre seg mange viktige prosessar i hjernen, til dømes rydding og lagring av erfaringar og dessutan reparering og klargjering av kroppen din til neste dag. Dette påverkar mellom anna læring, konsentrasjonsevne og fysisk yteevne.

Rusmiddel verkar på nervesystemet

Rusmiddel har mange ulike eigenskapar, men felles for alle er at dei påverkar påskjøningssystemet i hjernen. Det kan gi ei plutseleg kjensle av velvære og dessutan eit ønske om å oppleve det same fleire gonger. Samtidig blir konsentrasjon, minne og andre hjernefunksjonar svekte. Ein blir meir impulsiv, tenkjer kortsiktig og får redusert evne til å gjere kritiske vurderingar.

Grafisk framstilling med ulike rusmiddel plasserte i eit diagram der heroin er mest avhengigheitsskapande og har størst skadepotensial. Illustrasjon.

I tillegg til desse sentrale eigenskapane kan rusen gi dempande, stimulerande eller hallusinogene effektar med forvrengde sanseinntrykk. Det finst fleire tusen ulike rusmiddel med ulik kjemisk struktur, verknad og bruksmåte.

Det varierer kor sterke, farlege og avhengigheitsskapande rusmiddel er, men for dei fleste er skadepotensialet avhengig av kor intensivt dei blir brukte. Sjølv relativt svake rusmiddel som cannabis kan gi betydelege skadar ved intensiv bruk. Samtidig kan enkelte stoff, mellom anna fentanyl, vere dødelege sjølv i svært små dosar.

Verknad på signalstoff

Fleire flasker med medisin blir tømde i ein synapse. Teikning.

Signalstoffa er avgjerande for kommunikasjon i hjernen og dessutan mellom hjernen og kroppen. Nokre rusmiddel og medisinar kan bli oppfatta som signalstoff av hjernen. Eventuelt kan dei påverke signalstoff som igjen påverkar nervesystemet ganske direkte.

Hormonsystemet blir som regel ikkje påverka like direkte av endring i signalstoff, men blir påverka av endringar i nervesystemet over tid.

Rusmiddel og medisinar påverkar nervesystemet på fleire måtar
Verknad av rusmiddel og nokre medisinar
Stimulerer til fleire nerveimpulsarHemmar og blokkerer nerveimpulsar
stimulerer til auka utskiljing av transmitterstoffblokkerer for utskiljing av transmitterstoff
hemmar nytt opptak av transmitterstoffblokkerer reseptorar i synapsen
hindrar at transmitterstoff blir brotne ned
etterliknar transmitterstoff
Synapse der rusmiddel blokkerer reseptorane. Teikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Klassifisering av rusmiddelpåverknad

Tre overlappande ringar der rusmiddel er plasserte i områda dempande, stimulerande og hallusinogene og dessutan i overgangen mellom dei. Illustrasjon.

Verknadene av rusgivande stoff kan delast i tre hovudkategoriar:

  • Dempande stoff gjer brukaren sløv, treg, trøytt og søvnig. Det er fare for overdose med pustestans.

  • Stimulerande stoff gjer at brukaren blir rastlaus og pratsam, får auka energi og kjenner mindre svolt og søvnbehov.

  • Hallusinogene stoff gir sansebedrag og visuelle hallusinasjonar, slik at ein "ser" ting som ikkje er der.

Sjå filmen Virkningen av ulike rusmidler frå korus bergen på Vimeo.


Endring i hjernen over tid – avhengigheit

Synapse med reseptorar og stoff i fleire fargar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gjenteken bruk av rusgivande stoff kan føre til langvarige endringar i den delen av hjernen der vi vurderer eigne handlingar. Ein person som har misbrukt rusmiddel over lang tid, kan dermed bli meir impulsiv og mindre kritisk til eigne handlingar, også i rusfri tilstand.

Viss du bruker rusmiddel ofte, kan du oppleve at verknaden av stoffet etter kvart blir mindre. Dette blir kalla toleranse og kjem mellom anna av at hjernecellene tilpassar seg rusverknaden.

Det kan føre til at positive hendingar i kvardagen ikkje gir like mykje glede og gode kjensler som før. Toleranse fører òg til at ein treng stadig større dosar for å oppnå rus.

Risikoen for avhengigheit oppstår når ein bruker rusmiddel for å kjenne seg bra og for å fjerne ubehag.

Tenk gjennom

Studer figuren over, og les biletteksten om korleis antidepressiva hemmar nedbryting av serotonin. Mengda serotonin aukar òg ved bruk av ecstasy – både fordi utskiljinga blir stimulert, og fordi fjerninga/nedbrytinga blir hemma. Dette er med på å gi ein rus, men bruk av ecstasy kan samtidig skade nerveceller som skil ut serotonin.

  • Korleis verkar serotonin på kroppen?

  • Kva følgjer kan det få viss ein bruker ecstasy over tid?

Rusmiddel – hjernen er eit flipperspel

I animasjonsfilmen Rusmidler – hjernen er et flipperspill møter vi ein ung mann som speler flipperspel. Han blir etter kvart freista til å trykkje på ein spesiell utløysarknapp. Dette symboliserer ein brukar som tek ein dose av eit rusmiddel, og som gjentek handlinga med stadig mindre suksess.

Rusmiddelbruk endrar både struktur og funksjonar i hjernen, ifølgje manusforfattar Simonsen, som var overlege ved Universitetssjukehuset Nord-Noreg.

Tekst til filmen "Rusmidler – hjernen er et flipperspill"

Hjernen består av milliardar av nerveceller som verkar i eit komplekst nettverk.

Nervecellene kommuniserer ved å frigjere spesielle signalsubstansar som stimulerer nærliggjande nerveceller og modulerer signalaktiviteten i desse cellene.

Bruk av rusmiddel fører til gradvis utvikling av ein kompleks hjernesjukdom karakterisert av forandringar i strukturen og funksjonen til hjernen.

I tidleg fase gir rusmiddelbruken sterkt behag.

Vidare bruk fører til stadig mindre behag og stadig meir ubehag når ein ikkje tek rusmiddel.

Sidan strukturen i hjernen gradvis blir endra, får ein behov for stadig større dosar for å halde ubehaget borte.

Endringa i strukturen og funksjonen til hjernen – den avhengige hjernen – fører til tvangsmessig jakt etter rusmiddel trass i skadelege konsekvensar for den avhengige.

Dei behagelege opplevingane er no historie.

Langtidsbruk av rusmiddel fører til endringar som gir stadig meir alvorleg avhengigheit. Problemet med å endre denne livsstilen er ikkje mangel på moral eller vilje. Det er avhengigheita sin natur.

Rusmiddel skader hjernen. Rusmiddel skader deg og familien din.

Unngå avhengigheit!

Tenk gjennom

  • Kvar går grensa mellom bruk og misbruk av rusmiddel?

  • Kva skal til for at ein person blir hekta og avhengig av rusmiddel?

  • Kor lett/vanskeleg er det å endre livsstil?

  • Drøft kva konsekvensar rusmiddelavhengigheit har for individ, familie og samfunn.

Lidingar, skadar og sjukdommar i nervesystemet

Relatert innhald

Kjelder

Bordvik, M. (2015, 8. mai). UNN-lege laget tegnefilm om rus og flipperspill. Dagens Medisin. Henta 30. mars 2022 frå https://www.dagensmedisin.no/artikler/2015/03/05/unn-lege-laget-tegnefilm-om-rus-og-flipperspill/

Bretteville-Jensen, A. L. og Bachs, L. (28. mars 2022). Rusmidler. I Store medisinske leksikon. Henta 30. mars 2022 frå https://sml.snl.no/rusmidler

Fagrådet – Rusfeltets hovedorganisasjon. (u.å.). Virkningen av ulike rusmidler [Film]. Henta 30. mars 2022 frå https://www.rusfeltet.no/rusmidler/category1017.html

Helsedirektoratet. (u.å.). Weedensenteret. Henta 30. mars 2022 frå https://www.weedensenteret.no/

Rusinfo. (u.å.). Hvordan påvirker rusmidler kroppen og hjernen? Henta 30. mars 2022 frå https://rusinfo.no/skole_og_fag/hvordan-pavirker-rusmidler-kroppen-og-hjernen/

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 20.03.2022

Læringsressursar

Nervesystemet