Oppgave
Oppsummeringsoppgåver – nervesystemet
Desse oppgåvene vil hjelpe deg med å repetere, arbeide vidare med og teste det du har lært om nervesystemet.
Samarbeid med ein medelev.
Teikn kvar dykkar nervecelle, og set namn på delane utan å sjå på andre figurar.
Samanlikn teikningane dykkar, og forklar funksjonen til dei ulike delane for kvarandre. Sjekk deretter mot figurane på sida Nerveceller og hjelpeceller.
Teikn kvar dykkar synapse, set namn på delane, og skriv nokre punkt om korleis ein nerveimpuls blir overført i ein synapse, utan å sjå i andre kjelder.
Samanlikn figurane dykkar, og gå gjennom forklaringane med kvarandre. Sjekk deretter mot sida Overføring av nervesignal i synapsar.