Oppgave
Aktivitet: modell av nerveceller
Ei nervecelle er ei celle som er spesialisert til å overføre nervesignal mellom celler i kroppen. Nervecellene kan vere ulike, men alle har ei karakteristisk oppbygging med spesialiserte delar. Her skal du bruke plastilin til å lage din eigen modell av ei nervecelle.
Bruk plastilin i ulike fargar til å lage ein modell av ei nervecelle. Ta gjerne utgangspunkt i figuren under.
Set saman nervecellene som heile klassen har laga, til:
eit nettverk frå dendritt til målcelle via alle nervecellene klassen har laga. Kor langt nervesignal klarer de å lage?
éin stor nervebunt (ein nerve)
Tips! Ta bilete undervegs.
Jobb saman to og to eller i grupper. Bruk modellane de har laga, og forklar dei følgjande fagomgrepa for kvarandre:
nervecelle
nerve
akson
aksonende
dendritt
cellekjerne
cellekropp
myelin
Schwann-celle
ranviersk innsnevring
Relatert innhald
Fagstoff
Nerveceller og hjelpecellerNervesystemet er eitt av to viktige kommunikasjonssystem i kroppen vår og består av to delar: eit sentralt system og eit perifert system.