Hopp til innhald
Simulering

Simulering av nerveimpuls

Kva skjer når du sender ein nerveimpuls i eit akson? I denne simuleringa kan du teste korleis iona flytter seg og ladninga vekslar mellom kvilepotensial og aksjonspotensial.

Jobb med simuleringa

Fokuser på iona, ionekanalane og spenningsforskjellen når du jobbar med simuleringa

  1. Studer korleis iona vandrar i kvile. Forstørr gjerne utsnittet, slik at ionekanalane blir tydelegare.

    • Kvar er det flest natriumion?

    • Kvar er det flest kaliumion?

    • Korleis er spenningsforskjellen på inn- og utsida av membranen?

  2. Studer kva som skjer når nerveimpulsen passerer.

    • Kva skjer med natrium- og kaliumiona?

    • Korleis endrar ionekanalane i membranen seg idet impulsen passerer?

  3. Kva skjer rett etter at nerveimpulsen har passert?

    • Studer ion, kanalar og ladning.

    • Set på potensialgrafen, og sjå kor raskt kvilepotensialet blir gjenoppretta.

  4. Kva ville skjedd dersom dei spenningsregulerte kanalane hadde vore opne heile tida?

Relatert innhald

Fagstoff
Membranpotensial og nerveimpuls

Nerveimpulsar er elektriske signal som blir skapte av ion i bevegelse. Her forklarer vi samanhengen mellom ionestraum, nerveimpuls og membranpotensial.

Skrive av PhET simulations University of Colorado og Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 18.02.2022