Hopp til innhald

Fagstoff

Overføring av nervesignal i synapsar

Eit menneske blir fødd med omkring 130 milliardar nerveceller. Kvar av desse har svært mange samband til andre celler. Desse kontaktpunkta blir kalla synapsar. Her får du sjå korleis nervesignal blir overførte frå ei nervecelle til ei anna via synapsar.

Synapsar

Ein synapse er kontaktpunktet mellom ei nervecelle og ei anna nervecelle, ei muskelcelle eller ei kjertelcelle. Synapsen består av ein akson-ende, ei mottakarcelle og spalta mellom desse. Spalta er ikkje meir enn 20 nm brei (1 nm = 10-9 m).

Ein synapse sett gjennom eit elektronmikroskop. Nervecellene er grøne, mitokondriane er blå, og signalstoffa er raude. Mikroskopfoto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nerveimpulsen

Nerveimpulsen passerer synapsen ved hjelp av signalstoff som blir kalla . Desse kan verke anten stimulerande eller hemmande.

Når nerveimpulsen når akson-enden, vil endring i spenninga (aksjonspotensialet) føre til at vesiklar med transmitterstoff beveger seg mot cellemembranen. Der tømmer vesiklane innhaldet sitt i synapsespalta ved .

Transmittermolekyla bind seg til reseptorar på mottakarcella, slik at ionekanalar opnar seg. Det utløyser ei ionevandring, noko som gjer at membranpotensialet endrar seg i mottakarcella. Denne overføringa av impulsar går lynraskt mellom nervecellene.

Signaloverføring mellom to nerveceller. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Visste du at …?

  • Enkelte nerveceller har så mange som 80 000 synapsar.

  • Ein nerveimpuls kan ha ei hastigheit på opptil 350 km/t.

  • Hjernen har mellom 100 milliardar og 1 billion nerveceller (1,0 ·1012).

  • Viss alle nerveceller i kroppen blir lagde etter kvarandre, blir lengda til saman ca. 100 mil.

Fleire faguttrykk som blir brukte om det same

Transmitterar, transmitterstoff, nevrotransmitterar, transmittersubstans og signalstoff.

Det finst mange typar transmitterar som anten hemmar eller fremjar/stimulerer formidling av nerveimpulsar.

Signaloverføring steg for steg

I videoen nedanfor er det ein type transmitterstoff som blir kalla (uttale: asetylkol'in). Enzymet som bryt ned denne transmitteren, blir kalla acetylkolinesterase.

Overføringa av det elektriske nervesignalet går svært raskt og skjer i fleire trinn:

  1. Ein nerveimpuls spring langs aksonet og når fram til akson-enden.

  2. Nerveimpulsen endrar spenninga. Det gjer at spenningsregulerte kalsiumkanalar i cellemembranen på akson-enden opnar seg og Ca2+-ion diffunderer inn i akson-enden.
  3. Når konsentrasjonen av Ca2+-ion i akson-enden aukar, blir vesiklar med transmitterar førte mot cellemembranen, der dei tømmer innhaldet sitt ved .
  4. I synapsespalta vil transmitterar diffundere over til mottakarcella.
  5. Transmitterane bind seg til reseptorregulerte ionekanalar som opnar seg, slik at ion (til dømes Na+) diffunderer inn.

  6. Dette fører til at spenninga (membranpotensialet) i mottakarcella forandrar seg. Signalet er dermed formidla, og nerveimpulsen breier seg vidare i mottakarcella.

  7. til nervecellene gjennom eigne transportkanalar etter at impulsen har gått. Ein del av transmitterstoffa blir òg brotne ned av enzym og seinare brukte på nytt, mens nokre går tapt frå synapsespalta.
    Fjerning av transmitterar er viktig for å unngå at nerveimpulsane løper løpsk og fører til krampar.
Forstørring av kontaktpunktet mellom to nerveceller der signal blir overførte. Illustrasjon.

Stimulerande og hemmande transmitterar

Det finst mange ulike transmitterar. Stimulerande transmitterar gjer at ionekanalar i cellemembranen opnar seg, slik at positive ion som Na+ diffunderer inn i cella. Dette aukar membranpotensialet opp mot terskelverdien, slik at ein impuls kan gå.

Acetylkolin, glutamat og noradrenalin er døme på stimulerande transmitterar.
Iona diffunderer inn i mottakarcella, slik at impulsar blir sende så lenge dei stimulerande transmitterane er bundne til reseptorane på ionekanalane.

Signalstoffet acetylkolin. Molekylmodell.

Enzym i synapsespalta bryt ned transmitterstoffa og stoppar dermed signalet. Enzymet acetylkolinesterase spaltar acetylkolin til acetyl + kolin. Acetyl og kolin kan seinare brukast på nytt når stoffa blir reabsorberte og kopla saman igjen i vesiklar i akson-enden.

Hemmande transmitterar har den motsette verknaden. Eit vanleg døme er GABA, som får Cl- til å diffundere inn i mottakarcella og K+ til å diffundere ut. Dermed hamnar membranpotensialet under terskelverdien, slik at det ikkje går nokon impuls. GABA er ein av mange medisinar som blir brukte mot epileptiske anfall.

Kontroll av nerveimpulsar

To nervetrådar dannar synapsar på overflata av ei nervecelle (dendritt). Fibrane forgreinar seg før dei dannar synapsane som ser ut som hevelsar på enden. Mikroskopfoto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Stimulerande og hemmande transmitterar verkar oftast saman og avgjer om nervesignal skal sendast, og kor mange impulsar som skal sendast.

For at ei nervecelle skal aktiverast, trengst det vanlegvis samtidig aktivitet i fleire av synapsane på ei gitt mottakarcelle. Aktivitet i ein synapse fører vanlegvis berre til ei lita forandring av membranpotensialet. Det er altså viktig at nok transmitterar bind seg til reseptorane for at membranpotensialet skal nå terskelverdien og impulsen skal bli send.

Alle nerveimpulsar har same styrke, men sidan dei har ulik frekvens (talet på nerveimpulsar per sekund), vil signala opplevast ulikt.

Mange av legemidla som blir brukte i behandling av nevrologiske og psykiske sjukdommar, påverkar formidlinga av signal i synapsar på ulike måtar.

Tenk gjennom

Kva vil skje viss transmitterar ikkje blir brotne ned eller reabsorberte etter at ein impuls har gått?

Kva skjer viss både hemmande og stimulerande transmitterstoff blir tømde samtidig frå fleire synapsar på same cellelekam?

Kan du gi døme på situasjonar det berre trengst nokre få nerveimpulsar per sekund, og situasjonar der det trengst mange impulsar per sekund for at noko skal skje?

Oppgåve

Kilder

Hassel, B. (2020, 11. mai). Nevrotransmittere. I Store medisinske leksikon. Henta 22. mars 2022 frå https://sml.snl.no/nevrotransmittere

Jansen, J. K. S. & Glover, J. (2021, 16. august). Synapse. I Store medisinske leksikon. Henta 22. mars 2022 frå https://sml.snl.no/synapse

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 27.05.2022

Læringsressursar

Nervesystemet