Hopp til innhald

Fagstoff

Funksjonsområda til hjernehalvdelane

Høgre og venstre hjernehalvdel styrer ulike aktivitetar, men dei to halvdelane samarbeider gjennom eit avansert koplingssystem i hjernebjelken. Hjernebjelken består av 300 millionar aktive nerveceller som kvart sekund formidlar millionar av beskjedar mellom dei to hjernehalvdelane.
Tverrsnitt av hjernen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I tabellen under kan du sjå korleis arbeidsfordelinga mellom høgre og venstre hjernehalvdel tradisjonelt blir oppfatta.

Venstre hjernehalvdel

Høgre hjernehalvdel

det logiske mennesket

det kreative mennesket

styrer høgre kroppsdel

styrer venstre kroppsdel

styrer det akademiske

styrer det artistiske

språk, setningar og ord

bilete

tale og opplesing

fargar

lesedugleik

oversikt og heilskap

detaljar, fakta og analyse

intuisjon

logikk

kjensler

følgje instruksar og reglar

musikk, rim og rytme

matematikk, tal og logikk

mønster og tilfeldig rekkjefølgje

tenkjer sekvensielt (i rekkjefølgje)

rom- og retningssans

rasjonalitet

dans-, kunst- og musikkoppleving

verkelegheitsorientering

kreativitet, spontanitet og fantasi

tid

tidlaus

å gjere

å vere

Nyare forsking viser at hjernen er langt meir fleksibel enn det ein har trudd tidlegare. Eit nytt område i hjernen kan ta over funksjonen til eit område som blir skadd. Venstre hjernehalvdel, som normalt styrer høgre kroppshalvdel, også kan bli trent opp til å styre venstre side av kroppen.

Ei jente fungerer normalt etter at ho fekk fjerna det meste av høgre hjernehalvdel, sjå histora frå BBC på YouTube.

CC BY-SASkrive av Alf Jacob Nilsen og Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 14.02.2022

Læringsressursar

Nervesystemet