Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Aktivitet: modell av nerveceller

Ei nervecelle er ei celle som er spesialisert til å overføre nervesignal mellom celler i kroppen. Nervecellene kan vere ulike, men alle har ei karakteristisk oppbygging med spesialiserte delar. Her skal du bruke plastilin til å lage din eigen modell av ei nervecelle.
Nærbilete av hendene til jente som leikar med plastilin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Til lærar:

Denne aktiviteten kan vere fin å jobbe med samtidig som det blir undervist om temaet. Elevane jobbar med å lage modellar samtidig som du som lærar teiknar og forklarer om nerveceller og nervesignal.

Del 1: Lag modell av ei nervecelle

Bruk plastilin i ulike fargar til å lage ein modell av ei nervecelle. Ta gjerne utgangspunkt i figuren under.

Nervecelle med namn på ulike delar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 2: Set saman ulike nervenettverk

Set saman nervecellene som heile klassen har laga, til:

  1. eit nettverk frå dendritt til målcelle via alle nervecellene klassen har laga. Kor langt nervesignal klarer de å lage?

  2. éin stor nervebunt (ein nerve)

Tips! Ta bilete undervegs.

Del 3: Forklar viktige omgrep knytt til nervecella

Jobb saman to og to eller i grupper. Bruk modellane de har laga, og forklar dei følgjande fagomgrepa for kvarandre:

  • nervecelle

  • nerve

  • akson

  • aksonende

  • dendritt

  • cellekjerne

  • cellekropp

  • myelin

  • Schwann-celle

  • ranviersk innsnevring

Relatert innhald

Nervesystemet er eitt av to viktige kommunikasjonssystem i kroppen vår og består av to delar: eit sentralt system og eit perifert system.

CC BY-SASkrive av Guro Øistensen Jørgensen og Elida Arstad Skøien .
Sist fagleg oppdatert 04.04.2022

Læringsressursar

Nervesystemet