Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Nerveimpulsen – stimulering og hemming

Desse oppgåvene skal gi deg auka forståing av korleis signal blir overførte i nervesystemet.
Ein kulefisk sett framanfrå. Denne arten har gråleg kropp med gule teikningar. Foto.
  1. Tetrododoksin (TTX) blir mellom anna produsert av kulefiskar. Stoffet blokkerer spenningsavhengige natriumkanalar i nervecellemembranen.

    Beskriv korleis funksjonen til nervecellene blir påverka av TTX. Kan du tenkje deg korleis TTX kan brukast medisinsk?

  2. Motoriske nerveceller dannar stimulerande synapsar med muskelceller. Transmitterstoffet er acetylkolin.

    VX er eit stoff som hindrar at acetylkolin blir brote ned i synapsen. Kva symptom trur du VX gir? Samanlikn med TTX.

  3. Giftstoffet curare verkar også på signaloverføringa mellom nerveceller og muskelceller. Dette stoffet blokkerer acetylkolin-reseptoren i muskelcellemembranen.

    Er curare eit muskelavslappande eller muskelstimulerande stoff?

  4. Botulinum forhindrar at transmitterstoffet acetylkolin blir tømt i synapsen mellom motoriske nerveceller og muskelceller. Stoffet er tilsett i det kosmetiske produktet Botox, som blir brukt til å glatte ut rynker.

    Kvifor blir rynkene glatta ut?

  5. Botox blir også brukt som medisin. Små mengder Botox blir sprøytte inn i nerveknutar for å dempe smerter i ansikt og hovud.

    Kvifor og korleis verkar denne behandlinga?

  6. Nokre pilgiftfroskar inneheld batrachotoksin (BTX). BTX endrar natriumkanalane i nervecellene på ein måte som gjer at dei står opne permanent.

    Beskriv korleis funksjonen til nervecellene blir påverka av BTX.

  7. Kobra er ein veldig giftig slange. Giftstoffet har ein struktur som liknar på transmitterstoffet acetylkolin.

    Eit kobrabit forårsakar lammingar. Forklar korleis.

Ein mann får ei sprøyte med Botox i panna. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

CC BY-SASkrive av Johan Vikan og Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 25.04.2022

Læringsressursar

Nervesystemet