Biologi 1
Reaksjon på omgivnadene
Alle organismar lever i eit samspel med omgivnadene sine. Dei må derfor kunne fange opp og reagere på signal som kjem utanfrå, og formidle desse til cellene i organismen. Cellene samarbeider og kommuniserer ved hjelp av signalstoff for å halde eit stabilt indre miljø.
Nervesystemet
Nervesystemet kan behandle informasjon og formidle signal lynraskt til alle delar av kroppen. Samtidig kan det kontrollere bevegelsane våre. Denne evna som fleircella organismar har til å kommunisere internt og samtidig reagere på omgivnadene, er ein viktig del av livsprosessane.