Fordøyinga
Munnen er starten på fordøyingskanalen, som går gjennom kroppen heilt til endetarmen. I tillegg består fordøyingssystemet av fleire kjertlar som lagar væsker med enzym, ein type protein som bidreg til å bryte ned næringsstoffa. Ferdig nedbrotne næringsstoff blir frakta over i blod og lymfe, og ut til alle cellene i kroppen.
I munnhola blir maten toggen og tilført spytt frå spyttkjertlane. Desse kjertlane lagar mellom 1 og 2 liter spytt dagleg. Spytt gjer maten lettare å svelge, hemmar bakterievekst og er syrenøytraliserande. Tygginga findeler maten mekanisk, slik at fordøyingsenzyma lettare kjem til.
Spytt inneheld enzymet amylase, som startar spaltinga av stivelse allereie i munnhola. Enzymet held fram med spaltinga i magesekken, inntil den sure magesafta stansar reaksjonen.
I matrøyret blir maten ført til magesekken. Når vi svelger, blir det sett i gang muskelbevegelsar (peristaltiske bevegelsar) i matrøyret. Desse pressar maten mot magesekken.
Magesekken rommar cirka 1 liter hos vaksne og produserer dagleg cirka 2 liter magesaft frå kjertlar i veggen. Magesafta inneheld vatn, saltsyre, slim og enzymet pepsin. Saltsyra senkar pH-verdien i innhaldet i magesekken til cirka 1,5.
Saltsyra øydelegg strukturen til proteina. Denne prosessen blir kalla denaturering. Dessutan drep syra dei fleste bakteriane i maten. Pepsin spaltar proteina til kortare peptidkjeder (kjeder av aminosyrer). Dette enzymet verkar berre i sure miljø. Slimet beskyttar veggane i magesekken.
Maten blir òg elta kraftig av muskelbevegelsar i magesekken før han blir send porsjonsvis ut i tolvfingertarmen.
Den første delen av tynntarmen heiter tolvfingertarmen. Her blir dei sure småporsjonane frå magesekken blanda med fordøyingsvæsker frå bukspyttkjertelen, galleblæra og dei mange små kjertlane i tynntarmen. Bukspyttet og tarmsafta inneheld enzym som spaltar karbohydrat, feitt og protein. Desse væskene er basiske, slik at den sure blandinga frå magesekken blir nøytralisert.
Kjertlar knytte til tynntarmen
Levra
I levra blir det produsert galle. Gallen blir lagra i galleblæra, slik at gallen er klar til bruk når maten skal fordøyast. Då blir galleblæra tømd, og gallen blir ført til tolvfingertarmen. Her bidreg gallen til nedbryting av feitt.
Bukspyttkjertelen
Det meste av kjertelen består av celler som lagar fordøyingsvæska bukspytt. Bukspyttet blir sleppt ut i tolvfingertarmen like nedanfor magesekken. Denne væska inneheld enzym som bryt ned protein og feitt. I tillegg er bukspyttet basisk, slik at det sure mageinnhaldet som kjem frå magesekken, blir nøytralisert.
Bukspyttkjertelen produserer òg hormona insulin og glukagon, som er med på å regulere nivåa av glukose i blodet (blodsukkeret).
Nesten alt vatnet (cirka 99 prosent) som kjem over i tjukktarmen, blir absorbert. Tarminnhaldet får dermed ein fastare konsistens. Mineral som kroppen treng (mellom anna natrium-, klor- og kaliumion), blir sogne opp for å bli brukte om igjen. Nokre av bakteriane som lever i tjukktarmen, kan lage vitamin K.
Avføringa som går ned i endetarmen, består av væske, ufordøyelege stoff i maten (kostfibrar), avstøytte tarmceller, bakteriar og gallefargestoff. Det er gallefargestoffa som gir den brune fargen. Her blir avføringa lagra ei stund, slik at det blir soge opp meir vatn.
Når vi ser, luktar eller tenkjer på mat, vil sentralnervesystemet stimulere spyttkjertlane til å produsere spytt, slik at munnen er klar til å setje i gang med fordøying så fort vi får mat. Samtidig går det signal til magen om at det skal produserast magesaft.
I tarmkanalen finst det celler (endokrine celler) som skil ut hormon når dei blir stimulerte gjennom refleksar eller påverka av den kjemiske samansetjinga av innhaldet i tarmen. Når det til dømes er mykje feitt i tarmen, stimulerer dette slike endokrine celler til å skilje ut hormon. Hormona følger blodstraumen til galleblæra med beskjed om at dei skal tømmast ut i tynntarmen.