Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppsummeringsoppgåver om næringsopptak og fordøying

Med desse oppgåvene kan du lære deg omgrep, forklare fenomen, sjå samanhengar og løyse problem innanfor temaet næringsopptak og fordøying.

Oppgåve 1. Memory

Lag par ved å finne biletet og ordet som høyrer saman.

Oppgåve 2. Autotrofe og heterotrofe organismar

Ta utgangpunkt i det du fann ut i oppgåva over.

  1. Kva har dei autotrofe organismane til felles?

  2. Kvifor er desse produsentar i økosystema dei lever i?

Oppgåve 3. Plantar og næring

  1. Kva er forskjellen på fotoautotrofe og kjemoautotrofe organismar?

  2. Lag ei skisse av ein plante, og forklar korleis planten bruker uorganiske sambindingar til å lage organiske sambindingar.

  3. Korleis får plantane tak i dei næringsstoffa dei treng?

  4. Kva er mikro- og makronæringsstoff? Gi døme.

  5. Kva bruker plantane nitrogen til? Korleis får dei tak i nitrogen?

  6. Plantar kan ha kjemisk eller fysisk forsvar. Kvifor treng dei det? Gi døme på nokre typar forsvar.

Oppgåve 4. Predasjon og nedbryting

  1. Kva er predasjon?

  2. Kva for nokre ulike typar er det vanleg å dele predasjon inn i?

  3. Gi nokre døme på konsumentar frå økosystem der du bur.

  4. Kva er nedbrytarar? Gi døme. Korleis speler nedbrytarane ei viktig rolle i omsetning av næringsstoff?

  5. Bruk figuren under til å forklare korleis nedbrytarar gjer næringsstoff tilgjengelege for andre organismar.

Landskap med dyr og plantar forbundne med piler. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 5. Næringsopptak og fordøying hos dyr

  1. Lag ei oversikt over korleis ulike grupper av organismar, til dømes planteetarar, rovdyr og nedbrytarar, tek til seg næring.

  2. Korleis har planteetarar på ulike måtar tilpassa seg for å kunne ete tungt fordøyeleg plantemateriale?

  3. Kva er drøvtygging? Forklar korleis det går føre seg. Kva for nokre dyr er drøvtyggarar?
  4. Kvifor er ikkje alle planteetarar drøvtyggarar, trur du?
  5. Kvifor kan ikkje kjøttetarar bryte ned cellulose?
  6. Gi døme på næringsopptak som er tilpassingar til aktivitetsnivået til organismane.

Oppgåve 6. Dra namna til rett del av fordøyinga

Oppgåve 7. Fordøyingssystemet

Beskriv kva som skjer i dei ulike delane av fordøyingssystemet:

  • munnen

  • svelget

  • magesekken

  • tynntarmen

  • tjukktarmen

  • endetarmen

Oppgåve 8. Omsetning av næringsstoff

Dra næringsstoffa og nedbrytingsprodukta til riktig stad.

Oppgåve 9. Forklar omsetninga av næringsstoff

Bruk figuren over til å forklare korleis omsetninga av næringsstoff i kroppen skjer.

Forklar kvifor enkelte feittsyrer er naudsynte/essensielle i eit balansert kosthald.

Oppgåve 10. Regulering av næringsstoff

  1. Korleis er hormon med på å regulere fordøyinga?

  2. Lag ein tekst som beskriv regulering av glukose i blodet. Ta utgangspunkt i figuren under.

  3. Kva er diabetes? Forklar forskjellen på diabetes type 1 og diabetes type 2.

Lever og bukspyttkjertel forbundne med piler og boksar i ulike fargar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 17.05.2023

Læringsressursar

Næringsopptak og fordøying