Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Refleksjonsoppgåver om næringsopptak og fordøying

Desse oppgåvene vil hjelpe deg med å arbeide deg gjennom stoffet om næringsopptak og fordøying. Oppgåvene eignar seg til diskusjon og fordjuping.
Fugl slår med vengene og heng i lufta med nebbet stukke inn i ein blomster. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1. Kappløp mellom planteetarar og plantar

  1. Kva meiner vi med at det går føre seg eit evolusjonært våpenkappløp mellom planteetarar og plantar?

  2. Kven trur du vinn?

Oppgåve 2. Forsvarsmekanismar

Symbiose mellom akasie og maur. Foto.

Whistling thorn er ein tornete busk i akasieslekta. Han gir husrom til maur, som til gjengjeld beskyttar busken.

  1. Burde ikkje tornane vere forsvar nok mot herbivorar?

  2. Har du noka forklaring på kvifor treet har andre forsvarsmekanismar i tillegg til tornane?

Oppgåve 3. Erteplantar påverkar jorda positivt

Store mengder hagelupin veks langs elvebreidd. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvifor trur du plantar i erteblomsterfamilien ofte blir brukte for å gi betre jordforhold i område med næringsfattig jordsmonn, til dømes i vegskjeringar?

Oppgåve 4. Giftstoff i plantar

Tabaiba dulce med giftmjølk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Plantar kan innehalde stoff som er giftige for enkelte planteetarar. Kva slags kortsiktige og langsiktige effektar trur du dette har på planteetarane?

Oppgåve 5. Alkaloid hindrar beiting

Alkaloid er ei gruppe kjemiske stoff som hindrar beiting. Soleiefamilien og valmuefamilien er blant plantefamiliane som er spesielt rike på desse stoffa.

Kjenner du til nokon artar i desse familiane som beitedyr held seg unna? Søk på nettet, og finn fleire døme på slike artar.

Oppgåve 6. Plantar som har livvakter

Nokre plantar som blir angripne av insektlarvar, skil ut stoff som tiltrekkjer seg fiendane til insektlarvane, såkalla livvaktvepsar.

  1. Kvifor trur du vepsen blir kalla ei livvakt?

  2. Kven er han livvakt for?

  3. Trur du dette er ei tilpassing frå vepsen eller planten si side?

Oppgåve 7. Fordøyingskanalen hos firfisler og slangar

Brun firfisle sit på trestamme. Foto.

Vekselvarme dyr, mellom anna firfisler og slangar, har ein kroppstemperatur som tilpassar seg (vekslar med) omgivnadene. Slike dyr har kortare fordøyingskanal enn jamvarme dyr.

Kvifor er det sånn, trur du?

Oppgåve 8. Feittfrie produkt mot vektnedgang?

Produkt utan feitt har vore populære hos folk som ønskjer å gå ned i vekt. Men det har vist seg at desse produkta i staden fører til at folk går opp i vekt.

Forklar korleis det kan vere mogleg.

Oppgåve 9. Bakteriar i tarmen

Bakteriefloraen i tarmen har mykje å seie for nedbryting av næringsstoff.

  1. Kva trur du skjer med desse bakteriane når vi tek antibiotika?

  2. Korleis påverkar dette fordøyinga, trur du?

Oppgåve 10. Cøliaki

Cøliaki er ein sjukdom der tarmtottane blir øydelagde når personen et mat som inneheld gluten frå ulike typar mjøl. Finn ut kva dette kjem av, og kva det kan føre til.

Oppgåve 11. Overflata i tynntarmen

Slimhinna i tynntarmen har ei svært stor overflate. Kvifor er dette viktig?

Oppgåve 12. Toleranse for mjølk

Kalv som syg mjølk. Foto.

Mange pattedyr blir sjuke viss dei drikk mjølk, sjølv om dei tolte det då dei var nyfødde.

Finn ut kva forklaringa på dette kan vere.

Oppgåve 13. Magesaft

Vi seier at magesafta er ein del av forsvarssystemet til kroppen. Kvifor det?

Oppgåve 14. Hormon påverkar fordøyinga

I veggen i magesekken vår blir hormonet gastrin skilt ut når protein er til stades. Gastrin stimulerer utskiljing av magesyre, som hjelper til med nedbryting av protein.

Når magesekken er blitt tømd, er det ikkje naudsynt å ha eit surt miljø lenger. Då vil eit anna hormon, somatostatin, stoppe vidare utskiljing av magesyre.

Ein mutasjon i reseptoren for somatostatin gjer at hormonet ikkje kan binde seg til han. Korleis kan dette påverke fordøyinga til ein person som har denne mutasjonen?

Oppgåve 15. Transport gjennom tynntarmen

I eit forsøk lagar vi ein modell av tynntarmen ved å bruke ein halvgjennomtrengeleg membran, ein dialyseslange. Vi fyller slangen med ei løysning av stivelse og amylase. Deretter knyter vi han i begge endar, slik at vi får ei pølse. Vi legg pølsa i destillert vatn. Sjå figuren under.

Skjematisk framstilling av pølseformet dialyseslange i begerglass. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Kva temperatur bør det vere på væskene i dette forsøket?

  2. Kva eigenskapar ved dialyseslangen gjer han eigna som modell av tynntarmen?

  3. Kva trur du vil skje viss du tilset jod-løysning i det destillerte vatnet etter 30 minutt? Forklar.

Oppgåve 16. Haren et si eiga avføring

Hos haren skjer ein stor del av fordøyinga ved hjelp av mikroorganismar i blindtarmen. Avføringa består av mjukt og halvfordøydd plantemateriale. Haren et denne avføringa, fordøyer ho og bæsjar i neste omgang ut ein tørr og kuleforma bæsj.

  1. Forklar korleis haren si tilpassing til å ete eiga avføring gjer at han kan ta opp ein større del av næringsstoffa i maten.

  2. Kvifor kan det å ete eiga avføring bidra til auka opptak av protein?

Skjematisk framstilling av fordøyingssystemet til eit haredyr. Frå hovudet går det ein pølseforma og buktande kanal. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjelde

Openstax. Critical thinking questions. Henta 18. november 2021 frå https://openstax.org/books/biology-2e/pages/34-critical-thinking-questions

CC BY-NC-SASkrive av Hanne Hegre, Thomas Bedin, Bjørg E. Aurebekk og Øyvind Bønes. Rettshavar: Openstax
Sist fagleg oppdatert 18.11.2021

Læringsressursar

Næringsopptak og fordøying