Hopp til innhald

Fagstoff

Å skaffe seg næring

Alle organismar må ha næring for å kunne leve. Plantar får det dei treng, via sollys og stoff frå luft og vatn. Dyr, sopp og dei fleste bakteriar er avhengige av andre organismar for å få tak i naudsynt næring.
Ei svart bladlus stikk ein lang snabel inn i eit blad. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Alle levande organismar må skaffe seg næring

Alle levande organismar må skaffe seg næring for å kunne leve og vekse, men det varierer korleis organismane får tak i næringa dei treng. Ulike organismar har utvikla ulike strategiar for å få tak i næring. Dei har mellom anna tilpassa seg andre organismar og habitatet dei lever i. Nokre artar er spesialistar og har ein smal nisje. Det kan vere dyr som et berre éin type mat, eller plantar som berre veks der det er god tilgang på eit bestemt næringsstoff, til dømes kalk. Andre artar er generalistar. Det inneber at dei ikkje har så strenge krav til kva dei et, og at dei kan tilpasse næringsinntaket etter kva som er tilgjengeleg.

Grøn bregne veks blant brunt lauv. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når organismane har fått tak i den næringa dei treng, startar jobben med å bryte ho ned til mindre delar, slik at ho kan fordelast på dei enkelte cellene. Det er òg stor variasjon i måten dette går føre seg på.

Autotrofe organismar lagar energirike sambindingar sjølv

Vi skil gjerne mellom dei organismane som lagar energirike sambindingar sjølv, og dei organismane som må få slike sambindingar frå andre organismar.

Auto- er ei forstaving som betyr sjølv, mens -trof betyr næring. Det fortel oss at autotrofe organismar sjølv kan skaffe den næringa dei treng. Men dei må få tilført energi for å klare det. Energien kjem anten frå lys eller frå at elektron blir overførte til stoff som metan og ammoniakk.

Mange ulike plantar og dyr organiserte i to grupper: autotrofe organismar og heterotrofe organismar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fotoautotrofe organismar bruker lys til å byggje karbohydrat

Mesteparten av biomassen til ein plante består av stoff som er bygde opp av karbon, hydrogen og oksygen, til dømes cellulose, glukose og feitt. Desse stoffa stammar i all hovudsak frå karbondioksid og vatn som er tilført frå lufta og jorda. Men plantane treng òg andre næringsstoff. Desse hentar dei hovudsakleg frå jorda – bortsett frå nitrogen, som dei hentar frå lufta.

Plantar, algar og blågrønbakteriar inneheld alle saman kloroplastar som gjer at dei kan bruke sollyset som energikjelde. Vi kallar dei derfor fotoautotrofe organismar.

Fotoautotrofe organismar driv fotosyntese: Energien frå lyset gjer at vatn gir frå seg elektron til karbondioksid i ein og dannar druesukker.

Sola lyser på plante med røter i jorda. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjemoautotrofe organismar bruker kjemisk energi til å lage karbohydrat

Kjemoautotrofe organismar driv kjemosyntese, ein prosess som svarer til fotosyntesen hos plantane.

Dei byggjer opp organiske sambindingar av karbondioksid og vatn med energi som dei får ved å ta elektron frå uorganiske sambindingar som hydrogensulfid (H2S), metan (CH4) og ammoniakk (NH3). Nitrifikasjonsbakteriar i jorda er ei viktig gruppe kjemoautotrofe organismar.

Dei autotrofe organismane er produsentar i økosystema.

Buss merkt med teksten "Biogass – med miljøet i tankene". Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Heterotrofe organismar får næring frå andre

Organismar som ikkje kan lage energirike sambindingar sjølv, blir kalla heterotrofe organismar. Dei må få næringsstoff frå andre organismar. Denne gruppa består stort sett av dyr, sopp og dei fleste bakteriar. Dyr et plantar eller andre dyr. Sopp og bakteriar bryt ned dødt organisk materiale. Både dyr, sopp og bakteriar kan leve som parasittar og ta næringsstoff frå verten sin.

Dei heterotrofe organismane er konsumentar eller nedbrytarar i økosystema.

Nebbdyr dykkar ned til gras under vatn. Foto.
CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 21.10.2021

Læringsressursar

Næringsopptak og fordøying