Hopp til innhald

Fagstoff

Omsetting og regulering av næringsstoff

Når næringsstoff er brotne ned og tekne opp av tarmen, blir dei transporterte ut til cellene. Glukose og aminosyrer blir frakta med blodet til levra, mens feittstoff blir frakta over i blodet via lymfeårer og ut til cellene i kroppen. Overskot av næringsstoff blir lagra som glykogen eller feitt.
Kvinne sjekkar blodsukker ved frukostbordet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Levra

Levra er eit viktig organ for regulering av næringsstoff i kroppen. Etter at næringsstoffa er brotne ned og tekne opp av tarmen, blir glukose og aminosyrer førte til levra via ei blodåre som blir kalla portvena. I levra blir næringsstoffa lagra eller omforma, eller sende vidare som dei er.

Lagring av energi

Cellene våre treng energi døgnet rundt. Sidan vi ikkje kan ete heile tida, må vi kunne lagre overskotsenergi i kroppen. Dei næringsstoffa som kroppen ikkje bruker med ein gong, blir lagra i form av glykogen og feitt. Det sikrar at cellene i kroppen har tilgang til energi, også i dei periodane vi ikkje et. Fordi feitt kan gi dobbelt så mykje energi per vekteining samanlikna med karbohydrat og protein, er feitt ein effektiv måte å lagre energi på.

Omforming

Levra kan òg gjere eit næringsstoff om til ein annan type. Til dømes kan karbohydrat bli til feitt eller protein bli til glukose. Dessutan kan cellene i levra bryte ned alkohol og uskadeleggjere ein del skadelege stoff ved å gjere dei meir vassløyselege. Då kan dei nemleg skiljast ut i urinen.

Del av tynntarmen knytt saman med lever, muskelvev, vanleg celle og feittcelle. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Glukose – energi som kan brukast med ein gong eller lagrast

Glukose blir transportert via blodet til levra. Her vil ein stor del av glukosen bli teken opp av cellene i levra. Dermed vil ikkje konsentrasjonen av glukose i blodet auke så mykje like etter at vi har ete, og når dei nedbrotne karbohydrata blir tekne opp i tarmen. Glukose som ikkje blir teken opp av levra, blir frakta ut til cellene. Glukosen er cellene si viktigaste energikjelde. I muskelceller blir glukose som ikkje blir forbrukt, lagra som glykogen. Glukose kan òg gå inn i feittceller og bli gjort om til feitt.

Aminosyrer blir sette saman til protein i cellene

Til liks med glukose blir aminosyrer frakta frå tarmen med blodet. Alle cellene i kroppen har behov for aminosyrer for å lage dei proteina dei treng i proteinsyntesen. I tillegg blir ein del aminosyrer tekne opp i levra. Der blir dei sette saman til protein, eller dei blir omforma til karbohydrat. Omforming til karbohydrat bidreg til at det blir danna urea, som blir skilt ut i urinen.

Feitt er eit viktig energilager

Feittet blir transportert frå tarmen via lymfesystemet. Det går over i blodet i ei av dei store venene mellom halsen og brysthola. Vidare blir feittet frakta til feittvevet i kroppen. Feitt er eit viktig energilager i kroppen. Det fungerer òg som isolasjon og som byggestein i enkelte hormon.

Korleis kan feitt bli løyst i lymfe og blod?

Du veit kanskje at feittstoff er nesten umoglege å løyse i vatn? Korleis er det då mogleg å transportere feitt i stoff som består av mykje vatn, slik som lymfevæske og blod?

I tarmen blir feitt brote ned til feittsyrer og glyserol for å kunne passere inn i tarmcella. I tarmcellene blir feittsyrer og glyserol sette saman igjen til feitt/triglyserid. Fleire triglyseridmolekyl blir "omringa" av fosfolipidmolekyl som dannar ei vassløyseleg overflate ut mot omgivnadene. Desse strukturane blir kalla kylomikron og gjer at feitt kan transporterast i vassløyselege væsker som blod og lymfe.

Modell av fosfolipid som består av ein sirkel med to halar. Mange fosfolipid ligg inntil kvarandre og dannar ein sirkel som førestiller ein membran. Halane ligg innover i sirkelen. I membranen finst det ulike former som førestiller protein. Inni sirkelen er det figurar som førestiller protein og feitt. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Visste du at …

… 1/3 av den samla blodmengda i kroppen passerer gjennom levra di kvart minutt?

Insulin og glukagon regulerer mengda glukose

Det trengst eit omfattande reguleringssystem for å sikre at mengda glukose i blodet (blodsukkeret) blir halden på eit riktig nivå for cellene. Hormona insulin og glukagon speler ei viktig rolle her. Begge er protein som blir produserte i bukspyttkjertelen.

Insulin gjer at cellene tek opp glukose frå blodet. Glukosen kan cellene lagre eller bruke. I levercellene blir glukosen lagra som glykogen.

Glukagon har den motsette effekten av insulin. Det får blodsukkeret til å stige ved at levra blir stimulert til å gjere glykogen om til glukose igjen. Då får cellene meir energi.

Lever og bukspyttkjertel forbundne med piler og boksar i ulike fargar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Diabetes

Diabetes er ei gruppe sjukdommar som kjem av at dei insulinproduserande cellene i bukspyttkjertelen er øydelagde. Det fører til

  • at det ikkje blir produsert insulin (type 1-diabetes), eller

  • at insulinet verkar for dårleg i kroppen (type 2-diabetes)

Testing av blodsukker ved diabetes. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Symptom

Føling er dei symptoma eller plagene som personar med diabetes får når blodsukkeret blir lågt. Føling kan oppstå på grunn av for lite matinntak, for mykje mosjon eller fysisk aktivitet eller for mykje insulin. Personen vil då merke slappheit, sveitting, angst, svoltkjensle, synsforstyrring, kjensle av å vere omtåka og i verste fall bevisstløyse. Nokre sukkerbitar, litt drikke med sukkerhaldig væske eller liknande kan då få blodsukkeret til å stige igjen.

Blodsukkernivået ligg normalt på 4,5–5,5 mmol/l. Etter eit stort karbohydratmåltid stig det til 6,7–7,2 mmol/l.

Behandling

Behandlinga av sjukdommen består i å halde sukkermengda i blodet på riktig nivå.

Personar med type 1-diabetes må ha insulintilførsel i form av injeksjonar. Insulinet blir øydelagt i fordøyingssystemet og kan derfor ikkje takast som tablettar.

Personar med type 2-diabetes kan ofte klare seg med å endre kosthaldet.

Kjelde

Bjålie, B. G., Haug, E., Sand, O. & Sjaastad, Ø. V. (2018). Menneskekroppen. Anatomi og fysiologi. Gyldendal Akademisk.

CC BY-SASkrive av Bjørg E.B. Aurebekk og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2023

Læringsressursar

Næringsopptak og fordøying