Hopp til innhald

Fagstoff

Predasjon og nedbryting

Alle organismar må skaffe seg energi og næringsstoff. Grøne plantar gjer om energi frå sollyset og får næringsstoff frå jorda. Andre organismar må anten ete plantar og dyr eller bryte ned dødt organisk materiale.
Kvit røyskatt står oppreist på bakbeina mens han støttar ein pote til eit elgkadaver. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Predasjon – å ete andre organismar

Predasjon er ein type samspel der eit individ et heile eller deler av eit anna individ som er levande (eller var levande då det blei angripe). Det er negativt å bli eten eller eten på, men positivt og naudsynt for dyr å ete plantar eller andre dyr. Både dei som et, og dei som blir etne, tilpassar seg dette samspelet. Eit anna ord for predator er konsument.

Vi kan dele inn predatorane i kategoriar etter kva dei et:

  • planteetarar

  • kjøtetarar

  • altetarar

Planteetarar et plantar

Sau som beiter. Foto.

Planteetarar (herbivorar) et plantar. Dei fleste et berre delar av plantane dei beitar på, og tek dermed ikkje livet av planten. Eit unntak er dyreplankton, som ikkje har så mykje anna val enn å sluke heile planteplanktonindivid. Planteetarane varierer mykje i storleik – frå små dyreplankton og insekt til store pattedyr som elg og elefant. Fleire av dei største dinosaurartane var òg planteetarar.

Plantar kan reagere på ulike måtar når nokon et av dei. Enkelte artar produserer giftstoff som gjer at dei smaker vondt, eller gjer seg vanskelegare å ete ved å ha tornar, piggar eller stive blad.

Kjøtetarar et dyr

Kongeørn sit på død rev. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjøtetarar (karnivorar) et dyr. Dei får tak i mat ved å jakte på levande dyr eller ved å ete dyr som allereie er døde, fordi dei har blitt drepne av andre eller har døydd av andre årsaker.

Kjøtetarar finst i mange av dei systematiske gruppene. Blant virveldyra har vi mellom anna ulv, kongeørn, hoggorm, rev og snømus. Fleire av dei virvellause dyra har òg kjøt på menyen: sjøstjerner, edderkoppar og marihøner er nokre døme. I tillegg finst det nokre plantar som er kjøtetande. I Noreg har vi kjøtetande plantar i slektene soldogg, tettegras og blærerot. Kjøtetande plantar skaffar seg ekstra næring, først og fremst nitrogen, ved å fange og fordøye insekt.

Altetarar et plantar og dyr

To små grevlingar blant kvitveis. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Altetarar (omnivorar) får energi og næring ved å ete både plantar og dyr. Dei er derfor typiske .

Vi menneske blir gjerne plasserte i denne gruppa saman med dei andre , i tillegg til artar som brunbjørn, grevling, piggsvin og kråke.

Fordelen ved å vere altetar er at du kan tilpasse kosten etter kva som er tilgjengeleg. Altetarar er generalistar og kan klare seg under mange ulike miljøforhold. Ulempa er at fordøyingssystemet til ein altetar ikkje er optimalt for éin type føde. Vi menneske har til dømes ikkje bakteriar i tarmen som gjer at vi kan fordøye .

Nedbrytarar lever av dødt materiale

Nedbrytarane (detritivorar) lever av dødt organisk materiale. Det kan vere døde dyr eller plantar, avføring eller matvarer. Nedbrytarane speler ei heilt sentral rolle i resirkuleringa av næringsstoff. Når dei bryt ned organisk materiale, blir mellom anna karbohydrat og protein spalta til mindre molekyl som kan takast opp gjennom planterøter.

I tillegg til bakteriar og sopp er sniglar, fluger, meitemark og jordlopper typiske nedbrytarar.

Skjematisk framstilling av krinsløpet til nitrogen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I felt!

Når de er ute på feltarbeid, kan de

  • kategorisere artar de observerer, etter korleis dei skaffar seg energi

  • bruke spor og sporteikn for å dokumentere førekomst av dyr de ikkje kan sjå eller høyre (beinrestar, beitespor, gulpebollar)

  • "dissekere" gulpebollar for å undersøkje kva den aktuelle fuglen har ete

Kjelder

Begon, M., Townsend, C.R. & Harper, J.L. (2005). Ecology: From Individuals to Ecosystems (4. utgåve). Blackwell Publishing.

Universitetet i Oslo. (u.å.). Botanisk og plantefysiologisk leksikon. Henta 3. mai 2021 frå https://www.mn.uio.no/ibv/tjenester/kunnskap/plantefys/

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin og Hanne Hegre.
Sist fagleg oppdatert 06.04.2021

Læringsressursar

Næringsopptak og fordøying