Feltarbeid: karsporeplantar
Som andre sporeplantar har bregnane generasjonsveksling der livssyklusen vekslar mellom ein generasjon som produserer kjønnsceller (gametofytten), og ein ukjønna generasjon som produserer sporar (sporofytten). Dei enkelte artane har litt ulik generasjonsveksling, men som hovudregel er gametofyttplanten er liten og stikk seg ikkje ut i forhold til sporofytten (det vi ser på som «sjølve bregnen»).
I dette feltarbeidet skal du bli kjend med karsporeplantar som finst i ekskursjonsområdet.
Gjer deg litt kjend med karsporeplantar før du dreg av garde. Lag ei liste over dei vanlegaste artane du kan forvente å finne i ekskursjonsområdet ditt.
- Når du er på lokaliteten, skal du fotografere og bestemme artane du finn, og notere litt om veksestaden.
- Finn ut kva for artar som dominerer i ekskursjonsområdet.
- Prøv å finne sporehopar for dei enkelte artane, merk deg og noter korleis sporehopane sit, og ta bilete av det. Bruk feltlupe og sjå på sporehusa.
- Ta med deg prøver av karsporeplantar som har tydelege sporehus, og sjå på dei i lupe når du kjem tilbake til skulen. Noter kva du ser, og forsøk å fotografere med mobilkameraet ditt gjennom lupa.
Til ekskursjonsrapporten
- Lag ei innleiing om karsporeplantar generelt, og forklar generasjonsveksling.
- Beskriv kva for artar du fann på ekskursjonen, set inn bilete, og gi litt faktainformasjon om kvar art.
- Fortel kva for artar som dominerte, og kva for artar som hadde tydelege sporehus.
Gi døme på tilpassingar karsporeplantar har utvikla for å vere best mogleg tilpassa veksestaden sin.
Lag eit utviklingstre som viser korleis karsporeplantane og dei andre landplantane har utvikla seg.