Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Feltarbeid: lav

Lav er ein sopp som lever i symbiose med ein alge. Lav er utbreidd over heile landet, frå ytste kyststrøk til høgaste fjell, og finst òg på Svalbard. I denne oppgåva skal du arbeide med lav frå fjellet og lære meir om lav generelt.
Ein villrein bøyer hovudet ned mot bakken for å ete lav. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lav – sopp og alge samarbeider

Lav blir gjerne rekna til soppane, men skil seg frå andre soppar ved at det inngår i eit samspel med ein alge som driv fotosyntese. Soppdelen av lavet tek opp mineral og vatn som algen òg har bruk for, mens algen gjennom fotosyntesen produserer sukker som soppen har bruk for. Soppen bidreg òg ved å forme eit slags drivhus for algen og verne han mot ultrafiolett lys.

I dette tverrsnittet er soppen illustrert som ein flat, gul substans med mange holrom tett i tett bortover. Soppen er delt i to slike lag, og mellom dei er det eit større holrom, der gule stenglar frå sopplaga strekkjer seg inn frå kvar side. Innimellom stenglane er det grøne klumpar, som førestiller algane. Ned frå det nedste sopplaget går det røter. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Soppen (mykobionten) gir lavet form og farge og er oftast den dominerande delen av lavet, mens algane (fotobionten) lever inni soppen under overflata på lavet.

Lavet kan setje ned livsfunksjonane sine til eit minimum og tole langvarig tørke.

Lav blir gjerne delt inn i grupper etter korleis dei ser ut og veks:

  • busklav (til dømes reinlava)

  • skorpelav (til dømes kartlava)

  • bladlav (til dømes kvistlav, islandslav)

Føremål

I dette feltarbeidet skal de arbeide med lav frå fjellet og lære meir om lav generelt.

Utstyr
  • bestemmingslitteratur for lav
  • GPS
  • kamera eller mobiltelefon med kamera
  • skriveunderlag og blyant
  • måleband eller oppmålt tau med knutar for kvar meter

Framgangsmåte

  1. Når de går frå låglandet og opp i høgfjellet: Forsøk å leggje merke til om det er nokon endringar i samansetjinga av lavartar.
  2. Prøv å lage ei oversikt over kor mange lavartar de kan finne innanfor eit avgrensa område, til dømes ei stor rullesteinsblokk, ei bergflate eller ei slette. Området kan til dømes vere 4 × 4 meter eller større. Merk opp området med tau eller måleaånd.
  3. Merk av området på eit kart, eller registrer posisjonen og høgda over havet med GPS.
  4. Fotografer lavartane i ruta, prøv å artsbestemme dei, og finn ut kva art som dominerer. Kor stor del av arealet er dekt av lav? Ta notat.
  5. Vel ut nokre koloniar med kartlav, mål diameteren på koloniane, og prøv å berekne kor gamle dei er. I Noreg veks kartlav 1 mm i året.
  6. Mål opp eit bestemt areal på ei horisontal flate av berget (til dømes 0,5 × 0,5 meter), og registrer kor mange koloniar med lav som veks her totalt:

    1. Kor mange av koloniane er kartlav?
    2. Kva finn de ut?
  7. Gjenta denne registreringa på fleire ruter i same område.
  8. Om det er mogleg: Prøv å registrere endringar i samansetjinga av lav mens de bevegar dykk frå lågtliggjande område og opp i høgfjellet.

Til ekskursjonsrapporten

  • Lag ei oppsummering av biologien til lavet og korleis lavet påverkar abiotiske og biotiske faktorar der det veks.
  • Forklar kva ordet «symbiose» betyr i denne samanhengen, og kom spesielt inn på symbioseforholdet hos lavet.
  • Presenter metoden og resultata frå feltarbeidet i tekst og bilete, og forklar korleis lav kan brukast som aldersdateringsindikator.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Alf Jacob Nilsen.
Sist fagleg oppdatert 20.04.2021

Læringsressursar

Feltarbeid i fjellet