Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Feltarbeid: snøleie

Snøleie er område i fjellet der snøen ligg lenge. Plantane som veks her, får vern mot kulde, men må klare seg med ein kort vekstsesong. I denne feltoppgåva skal de studere vegetasjonen i snøleie og lære meir om nokre typiske snøleieartar og forholda her.

Føremål

I denne feltoppgåva skal de studere vegetasjonen i snøleie og lære meir om nokre typiske snøleieartar og forholda her.

Kva er eit snøleie?

I eit snøleie ligg snøen lenge, slik at vekstsesongen for plantane blir kort. Berre plantar som klarer å gjennomføre blomstringa og setje frø på kort tid, kan vekse der. Vi seier at plantane må klare seg med ein kort sesong.

Fjellandskap med snø. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å vekse i eit snøleie – ulemper og fordelar

I ekstreme snøleie kan snøen nokre år bli liggjande over heile sommaren. I slike snøleie må plantane tole at det av og til går fleire år mellom kvar gong dei smeltar fram og får drive fotosyntese. I ein kort vekstsesong klarer ikkje plantane å produsere så mykje stoff gjennom fotosyntesen at dei kan vekse mykje. Snøleieplantar er derfor oftast låge.

Når plantane først dukkar fram frå snøleiet, er det allereie sommar og liten fare for frost i fjellet – dette er fordelen med å vekse her. Under snøen har plantane hatt godt vern mot frost, som er ei utfordring for andre plantar i fjellet om våren.

Snøleieplantar treng ikkje vere tilpassa til å tole like mykje kulde som plantane på rabbane, og dei treng heller ikkje tole like mykje vind, uttørking og slitasje frå iskrystallar.

Nærbilete av polarvier med grøne blad og raude blomsteraks. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Typiske plantar i eit snøleie

I lågalpine soner er den mest typiske planten på snøleie dvergbusken musøyre eller polarvier (som føretrekkjer kalkrikt jordsmonn). I ekstremsnøleie må musøyre gi tapt, og vi finn berre mosar. I snøleie der snøen forsvinn relativt tidleg, finn vi ofte gras og urter. Dverggråurt og brearve er to andre døme på snøleieplantar.

Liten plante med små, runde blad. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Abiotiske forhold

Snøleia er òg forskjellige når det gjeld kor mykje fukt dei har i vekstsesongen. Nokre snøleie tørkar ut etter at dei har tint fram, mens andre er konstant overrisla av smeltevatn eller bekker. Dette er viktig for vegetasjonen. Snøleie som smeltar tidleg, tørkar normalt ut etter at dei smeltar fram, og her finn vi ofte planten finnskjegg. Snøleie med mykje stein har gjerne bregnevegetasjon, slik som fjellburkne og hestespreng.

Frodig bregne. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

I mellomalpine soner blir områda med musøyre- og mosesnøleie større. Høgare opp, i øvre mellomalpine soner og i høgalpine soner, forsvinn musøyre heilt, og forskjellen mellom snøleie og rabbar blir òg stort sett borte.

Grøne plantar mellom gråstein. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge



Tips!

Om de har høve til å dra innom ekskursjonsområdet før all snøen i området har smelta, kan de kartleggje kvar snøen blir liggjande lengst. Dermed veit de kvar de kan finne snøleie når de kjem tilbake igjen seinare.

Framgangsmåte

  1. Elever gjør undersøkelser i fjellet. Foto

    Om de ikkje allereie veit kvar de finn snøleie i ekskursjonsområdet dykkar, må de starte med å lokalisere dei. Kjenneteikn de kan sjå etter, er

    • område som ligg i le for vinden

    • fordjupingar i terrenget

    • at vegetasjonen ser flattrampa ut (i alle fall like etter at snøen har smelta)

    • restar av snø

  2. Merk av snøleiet på kartet, og noter posisjonen.

  3. Bruk òg GPS eller kart til å finne kor høgt over havet snøleiet ligg.

  4. Gjer eit anslag over kor stort snøleiet er. Mål det opp om de kan.

  5. Er snøleiet tørt eller fuktig?

  6. Om det renn vatn i snøleiet: Er dette svært kaldt? Mål temperaturen. Ta bilete, og noter.

  7. Registrer plantar som veks i snøleiet, ta bilete, slå opp i floraen, og noter. Merk dykk kva for artar som er mest talrike.

  8. Lag ei artsliste.

  9. Kan de sjå om nokon av plantane blomstrar eller har frukter?

  10. Stemmer det at plantane i snøleiet er låge?

  11. Samanlikn vegetasjonen i snøleiet med den utanfor. Kva legg de merke til?

Til ekskursjonsrapporten

  • Forklar kva vi meiner med eit «snøleie», og beskriv spesielt det snøleiet de undersøkte.
  • Beskriv og vis bilete av dei vanlegaste artane i snøleiet, og presenter heile artslista. Dersom musøyre er ein av dei dominerande plantane, presenterer de denne arten grundig.
  • Vis eit bilete frå sjølve snøleiet og eit frå området like utanfor til samanlikning.
  • Lag ein grundig bilettekst til dei to bileta som viser forskjellane i vegetasjonen.
CC BY-SASkrive av Alf Jacob Nilsen.
Sist fagleg oppdatert 24.01.2021

Læringsressursar

Feltarbeid i fjellet