Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Feltarbeid: suksesjon

Suksesjon betyr "forandring over tid". Dersom skulen bruker det same ekskursjonsområdet gjennom fleire år, er det mogleg å følgje utviklinga av eit plantesamfunn over tid og kartleggje suksesjonen i eitt eller fleire små utvalde område.

Føremål

I dette feltarbeidet skal de undersøkje det same området gjennom fleire år, og følgje med på utviklinga av eit plantesamfunn over tid.

Suksesjon

Når vi bruker ordet suksesjon i botanisk samanheng, tenkjer vi på forandring i plantedekket i eit avgrensa område over tid. Plantar (og dyr) blir påverka av dei abiotiske miljøforholda, noko som vil prege alle typar suksesjon. Studiar av botanisk suksesjon tek lang tid, oftast mange år.

Eit vatn gror att. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Tips til feltarbeid om suksesjon

Det kan vere lurt å setje i gang suksesjonsstudiar i område der det ikkje finst plantar frå før. Det vil seie i område der naturlege eller menneskelege inngrep gjer at suksesjonen startar heilt på nytt. Suksesjon som startar på nytt i eit plantelaust område, kallar vi primærsuksesjon. Dette kan til dømes skje slik filmen på denne sida viser, langs strandkanten til eit fjellvatn som har blitt tappa delvis ned.

Vi kan òg studere sekundærsuksesjon der plantar veks i område som har blitt kraftig endra, men ikkje utraderte. Det kan til dømes vere i hogstfelt, etter ein skogbrann, etter eit jordras eller i ein åker som blir lagd brakk.

Dei første plantane som etablerer seg, kallar vi pionerplantar. Dette er artar som raskt får fotfeste og veks, men som også relativt fort blir utkonkurrerte av andre artar. Døme på typiske pionerplantar i låglandet i Sør-Noreg er bringebær, smyle og geitrams.

Pionerplantane blir gradvis erstatta av meir seintveksande artar, til dømes små buskar og lauvtre. Sakte, men sikkert utviklar området seg mot eit relativt stabilt klimakssamfunn. I eit klimakssamfunn vil enkelte godt tilpassa artar dominere og normalt ikkje late seg rokke, med mindre det skjer nye (meir eller mindre dramatiske) inngrep i området. Døme på plantar som dominerer i klimakssamfunn i låglandet i Sør-Noreg, er furu, gran, einer, blåbær og røsslyng.

Eit døme på feltarbeid om suksesjon

Innsjø som er tappa ned. Foto.

Ved Flekkefjord videregående skole har biologiklassane drive suksesjonsstudiar på fjellet ved Knaben i Agder sidan 1992. Då blei eit lite fjellvatn, Finndalsvann, som før var demt heilt opp, tappa delvis ned, og strandkantane blei liggjande på tørt land. Her var landvegetasjonen ikkje-eksisterande, og suksesjonen av landsplantar starta på null.

Elevane merkte opp fem ruter på 2 x 2 meter og markerte hjørna med trepluggar. Dei fem rutene fordelte seg over eit område på cirka 50 x 50 meter. I 1996 blei området på nytt lagt under vatn i ein kortare periode, og dette førte til eit avbrot i suksesjonen. Sidan den gong har likevel plantedekket utvikla seg frå eit primærsamfunn mot eit klimakssamfunn.

Innsjø på fjellet. Foto.

I dette dømet følgjer vi rute nummer 4 i ein biletserie. Her kan vi sjå at dei første artane som blir synlege (1993–1995), er bjørneskjegg og ein storrart (truleg gråstorr). Seinare kjem duskull, og etter kvart dukkar minst to artar av bjørnemose opp. I 2010 – 18 år etter at vi begynte å observere ruta – dominerer bjørnemose, mens mikkelsbær og litt røsslyng òg har fått fotfeste.

I biletserien under kan du følgje utviklinga i ruta heilt fram til 2021. Etter dette vart området demt ned på nytt, slik at denne ruta no ligg under vatn igjen.

Framgangsmåte

Suksesjonsstudiar i skulesamanheng krev at skulen bruker det same suksesjonsområdet over fleire år. Suksesjonsstudiar kan gjerast i nærleiken av skulen eller i ekskursjonsområde lenger borte, til dømes på fjellet.

  1. Tre ungdommar i regntøy undersøkjer feltrute. Foto.

    Når du skal observere ei suksesjonsrute, er det viktig at du set deg inn i korleis ruta har sett ut tidlegare, slik at du kan merke deg forandringane frå førre gong ho blei observert. For å kartleggje dette i praksis er det best å bruke fotografi kombinerte med ein observasjonslogg der du noterer kva artar som veks i ruta, og kor hyppige dei er.

  2. Lag artslister for kvar rute, og gi kvar art ei vekting som indikerer hyppigheita av førekomsten inni ruta. Dette er ein av fleire måtar å registrere suksesjonen på. Skulen må lage eit format som passar for området de studerer. Dersom skulen har fleire suksesjonsruter i det same området, er det praktisk å late elevgrupper undersøkje kvar sine ruter.
  3. Pass på at alle fotografi og observasjonar blir nøyaktig merkte og arkiverte etter eit system, slik at framtidige elevar kan halde fram med observasjonane basert på tidlegare resultat.
  4. Lag eit dataarkiv, og pass på å ta sikkerheitskopiar. Publiser gjerne observasjonane på nettsida til skulen.

Til ekskursjonsrapporten

  • Ta med eit avsnitt om suksesjon generelt, og forklar kva det inneber.
  • Merk av på eit kart kvar suksesjonsrutene de undersøkte, ligg.
  • Presenter resultata av undersøkingane de gjorde.
  • Vis bilete av dei enkelte rutene, og forklar korleis vegetasjonen i rutene har endra seg over tid.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Alf Jacob Nilsen.
Sist fagleg oppdatert 24.01.2024

Læringsressursar

Feltarbeid i fjellet