Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Feltarbeid: lyng

Lyng er nøkkelplantar i fjellet. I den lågalpine sona veks fleire lyngartar saman og kan dominere plantedekket mange stader. Lyng trivst i gammal og næringsfattig jord, og lyngfrøa kan ligge i jorda i mange år før dei spirer.

Føremål

I denne oppgåva skal de bli kjende med nokre lyngartar og undersøke veksten av lyng i ekskursjonsområdet dykkar.

Framgangsmåte

To ungdommar ligg på magen i fjellet og undersøkjer vegetasjonen. Foto.
  1. Når de kjem opp på fjellet, vil de fort sjå at det her veks mykje lyng. Vel ut eitt eller fleire område.

  2. Marker ei rute på 4 x 4 meter (eventuelt større) med tau og pinnar i hjørna i kvart område, og registrer kva for lyngartar de finn innanfor ruta.
  3. Lag ei oversikt over kva artar som dominerer. Om de vil, kan de lage ein skala frå 1 til 5, der 5 betyr svært dominerande, og 1 betyr spreidd vekst. Er det ein eller fleire lyngartar som dominerer tydeleg?
  4. Greier de å artsbestemme nokon av lyngartane de finn, ved hjelp av bestemingsnøkkelen?
  5. Ein student fotograferer røsslyng på ekskursjon i fjellet. Foto

    Fotografer lyngartane, lyngblomstrane og fruktene, og ta eit oversiktsbilete av ruta.

  6. Ta notat, og samle inn eit par eksemplar av kvar lyngart frå ruta.
  7. Registrer òg andre plantar som dominerer i ruta.
  8. Grav eit hòl i jorda inni ruta, og finn ut korleis jordsmonnet er.

    • Er det fuktig eller tørt?
    • Er jordsmonnet djupt eller grunt?
    • Er jordsmonnet likt i heile ruta?
    • Er det mykje stein?
  9. Kor vindutsett er området?

Til ekskursjonsrapporten

  • Forklar metoden de brukte for å undersøke lyngvegetasjonen.
  • Presenter dei ulike artane av lyng de fann, og sei korleis dei dominerte ruta. Samsvarte funna med det de hadde forventa?
  • Vis bilete av dei ulike lyngartane, og lag ein kort omtale av dei basert på observasjonane dykkar og på opplysningar de finn i andre kjelder (hugs kjeldetilvisingar).
  • Prøv å knyte veksten av lyng til jordsmonnet og grada av eksponering.
  • Presenter resultata for klassen.

Lyngnøkkel

CC BY-SASkrive av Alf Jacob Nilsen.
Sist fagleg oppdatert 20.04.2021

Læringsressursar

Feltarbeid i fjellet