Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Beskriving av fjellområdet

Det er viktig å lage ei kort og presis beskriving av ekskursjonsområdet. Her kan de fortelje andre korleis de opplevde lokaliteten og forholda der. De vil òg få bruk for notata når de skal forklare korleis organismane de fann, er tilpassa miljøet dei lever i.
Turkledde ungdommar er samla ved ein stein i eit fjellandskap. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Føremål

I denne oppgåva skal de lage ei kort beskriving av området de skal gjere feltarbeid i.

Bruk kart

Elevar er samla kring eit kartoppslag på fjellet. Foto

Før klassen dreg på ekskursjon, merkjer de av området på eit kart og bereknar kor stor lokaliteten er. Eit godt hjelpemiddel er digitale kart. Eit anna nyttig hjelpemiddel er ein GPS. Med GPS-en kan de finne nøyaktig posisjon, høgd over havet og himmelretningar, og på det digitale kartet kan de lagre posisjonspunkt og seinare plotte løypa de har gått.

Utstyr

  • kart over området, så detaljert som mogleg
  • utskrift av digitale kart
  • kamera/mobiltelefon
  • GPS (eventuelt på mobilen)
  • skriveunderlag

Framgangsmåte

Når de kjem fram til ekskursjonsområdet, kan de skrive nokre stikkord om korleis de opplever lokaliteten:

  • Korleis ser det ut rundt dykk?
  • Korleis er ?
  • Korleis er vegetasjonen? Ser de nokon tre? Synest de at ein eller fleire typar vegetasjon dominerer sterkt?
  • Korleis er vêret?
  • Korleis er temperaturen?
  • Kvar kjem vinden frå? Er det ly for vinden nokon stader?
  • Kan de sjå is og snø?
  • Kan de finne ut nøyaktig kvar de er? Kan de finne himmelretningane (nord, sør, aust, vest)?
  • Kor høgt over havet er de? Kva er posisjonen dykkar?
  • Ser de nokon fjellvatn? Korleis ser dei ut?
  • Kan de sjå spor etter menneskeleg aktivitet?

Ta med alt de synest er viktig, men skriv kort. Seinare kan de reinskrive notata til ekskursjonsrapporten. Ta nokre oversiktsbilete, og lag nokre skisser. Desse vil passe godt i ekskursjonsrapporten.

Til ekskursjonsrapporten

  • Ta med alt de fann ut om området, og alle parametrane de registrerte i rapporten. Pass på å få med eit kartutsnitt og nokre oversiktsbilete.
  • Merk av på kartet kvar klassen gjorde dei ulike feltoppgåvene. Om de har brukt GPS og lagra posisjonspunkt på han, kan de plotte løypa og feltstasjonane på eit digitalt kart.
  • Beskriv korleis de ut frå kartet kan tolke terrenget i ekskursjonsområdet.
  • Presenter innhaldet i rapporten for klassen.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Alf Jacob Nilsen.
Sist fagleg oppdatert 22.01.2021

Læringsressursar

Feltarbeid i fjellet