Hopp til innhald

Fagstoff

Om feltarbeid i fjellet

Etter kvart som vi dreg høgare opp, endrar landskapet, floraen og faunaen seg. Det blir kaldare og meir vêrhardt. Store tre blir erstatta av lågtveksande artar. Lenger oppe blir tre og buskar erstatta av lågtveksande grastuer og lav. Høgast oppe er det berre stein og snø att.
Rundt ein innsjø oppe på fjellet ligg det flekker med snø. Bak ser vi ein annan innsjø og snødekte fjelltoppar under ein delvis skya himmel. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fjellet – over tregrensa

«Fjellet» definerer vi vanlegvis som området over tregrensa. Tregrensa er der trea sluttar å vekse fordi vekstforholda er for dårlege, til dømes låg temperatur eller mangel på fukt. Hos oss varierer det mykje kvar tregrensa går. Det er fjellbjørka (saman med rogn, furu og gran) som klatrar høgast opp, og som dannar vegetasjonsgrensa mot fjellet. Dette betyr at økosystemet «fjellet» startar ved svært ulike høgder alt etter kvar vi er i landet.

Fjellet er delt inn i tre soner

Lågalpin sone – der skogen sluttar

Der skogen sluttar, begynner fjellet. Like over tregrensa startar den lågalpine sona. Her er plantelivet variert, og vi kan finne enkelte spreidde tre, men dei dominerande planteartane er krekling, røsslyng, blåbær, grepplyng, tyttebær og ulike vierar. Vi finn vanlegvis mange små og store torvmyrer, tjørn og fjellvatn i denne sona. Sona strekkjer seg opp til der den samanhengande blåbærvegetasjonen og vierkrattet tek slutt. I Sør-Noreg vil det seie opp til om lag 1400 meter over havet, og i Nord-Noreg opp til om lag 900 meter over havet.

Ei gruppe folk ferdast i eit fjellandskap med noko vegetasjonsdekke. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mellomalpin sone – gras og mose dominerer

Over den lågalpine sona begynner den mellomalpine sona. Her finn vi samanhengande vegetasjon i form av gras og mose, men myrene, blåbærlyngen og vierkrattet forsvinn. I Sør-Noreg går den mellomalpine sona opp til om lag 1700 meter over havet.

Eit grått telt er sett opp på eit flatt område med gras og mose. Omkring er det store flekkar med snø, i bakgrunnen er det fjell så langt auget kan sjå. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Høgalpin sone – grått landskap med stein og lav

Høgare oppe er den høgalpine sona. Her sluttar den samanhengande vegetasjonen, og plantane finst berre enkeltvis. I denne sona er det mykje stein og nakent fjell som er overvakse av lav, snøen ligg lenge, og landskapet ser grått ut.

Ekskursjon til fjellet

Sjølv om fjellet mange gonger kan verke ugjestmildt og ubuande, er det langt frå livlaust. Men for å klare seg må organismane vere tilpassa dei utfordrande miljøforholda fjellet byr på. Det er lange, kalde og snørike vintrar, korte somrar og nesten alltid vêrhardt og vindfullt.

Issoleie. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er òg viktig at de som vitjar fjellet, er godt utrusta. Varme og vindtette klede, ull inst mot kroppen, lue, gode sko og sekk med mat, drikke og ekstra klede er påkravd.

Når de dreg på ekskursjon i fjellet, vil de få høve til å studere livet her, og ikkje minst korleis plantar og dyr er tilpassa miljøforholda til fjells. De vil snart oppdage at livet i fjellet er svært ulikt livet i låglandet eller langs kysten, og kanskje vil de sjå kor sårbart livet i fjellet er for menneskelege inngrep?

CC BY-SASkrive av Alf Jacob Nilsen.
Sist fagleg oppdatert 20.04.2021

Læringsressursar

Feltarbeid i fjellet