Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Feltarbeid: Observasjonar av abiotiske faktorar

Abiotiske faktorar er dei «ikkje-levande» delane av eit økosystem, som jordsmonn, lys, vind, nedbør og temperatur. I alle økosystema påverkar dei abiotiske faktorane dei levande organismane. I denne oppgåva skal de undersøkje nokre abiotiske faktorar i fjellet.
Ekskursjon i eit tåkete fjellandskap. Ein elev noterer noko på ei blokk, og tre andre sit på huk i nærleiken. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Føremål

I denne oppgåva skal de undersøkje nokre abiotiske faktorar i fjellet og sjå dei i samanheng med livsvilkåra til ulike organismar.

Målingar

To gutar sit på huk og monterer ein dataloggar. Foto

For å registrere abiotiske faktorer treng de ein dataloggar som kan måle ulike parametrar over tid. De treng òg ein elektronisk eller manuell vindmålar. I tillegg kan de gjere visuelle observasjonar av andre parametrar.

Det kan vere ein fordel å gjere alle målingane på om lag same staden, fordi de då får ei registrering av mikroklimaet akkurat der og då. Ta gjerne bilete av utstyret slik de sette det opp, desse kjem godt med til ekskursjonsrapporten seinare.

Få eit oversyn over vêr- og temperaturforholda på staden gjennom året eller over ein kortare periode. Søk opp staden på yr.no, og bruk menyvalet «Vêret som var».

Førebuingar

Lag hypotesar om korleis temperatur og sollys varierer i løpet av eitt døgn. Skisser kurver som viser korleis de trur det vil variere.

Framgangsmåte

Temperatur

  1. På graset ligg eit kvitt apparat pakka inn i ein plastpose. Ut frå posen går det kablar til tre mindre, kvite apparat som òg er pakka inn i plast kvar for seg. Foto

    Vel ein stad som er kraftig eksponert for vind, men som samtidig har relativt tett vegetasjon på bakken.

  2. Bruk to temperatursensorar på dataloggaren.
  3. Monter den eine sensoren slik at han måler temperaturen over vegetasjonen (til dømes i ei høgd på 50 cm over den høgaste vegetasjonen).
  4. Monter den andre sensoren slik at han måler temperaturen innimellom vegetasjonen (til dømes nedi tett lyngvegetasjon).
  5. La registreringa skje så lenge som mogleg, helst gjennom eit heilt døgn.
  6. Last ned dataa til ein datamaskin.

Vindstyrke og vindretning

  1. Ein elev kledd i regntøy held oppe ein vindmålar i eit fjellandskap. I eit utsnitt til venstre ser vi eit nærbilete av vindmålaren, som er ein plastsylinder med grått lok. Foto

    Gjer helst desse målingane på same staden som de måler temperaturen.

  2. De treng vindmålarar som er kopla til dataloggaren. Eventuelt kan de bruke manuelle eller elektroniske vindmålarar, der de må lese av vindstyrke og vindretning manuelt med jamne mellomrom.
  3. Monter ein vindmålar eit stykke over bakken slik at han ikkje er skjerma av noko.
  4. Monter den andre målaren like over bakken, eventuelt slik at han er skjerma av stein, vegetasjon eller liknande. (Eit alternativ er å montere éin målar på ein rabb og ein annan i eit lite dalsøkk.)
  5. La dataloggaren registrere vindstyrke og -retning så lenge som mogleg. Om de bruker manuelle vindmålarar, må de lese av målingar jamleg, for eksempel kvart kvarter i ein så lang periode som mogleg. Ver nøye, og noter resultata på eit skjema de har gjort klart på førehand.

Lysstyrke

  1. På ein benk ligg eit svart apparat med nokre få knappar og ein skjerm som viser eit tal. Til venstre ligg ein svart lyssensor, som er kopla til apparatet med ein svart spiralleidning. Foto

    Til denne oppgåva treng de ein lysmålar kopla til ein dataloggar. De kan òg bruke ein lysmålarapp på mobilen.

  2. Monter lysmålaren slik at han peiker rett opp mot himmelen, og la dataloggaren registrere lysstyrken så lenge som mogleg, helst frå tidleg morgon til sein kveld.
  3. Samtidig som målingane blir gjorde, kan de gjere observasjonar av variasjonar i vêrforholda og skydekket gjennom dagen slik at de seinare kan samanhalde lysmålingane med desse.

Til ekskursjonsrapporten

  • Presenter resultata ved hjelp av tabellar og diagram.
  • Prøv å tolke målingane, og kommenter dei. Kommenter særleg forskjellar på dei to målingane, og prøv å setje dette i ein økologisk samanheng.

    • Har plantedekket noko å seie for temperaturen på bakken?
    • Kor mykje betyr eit lite dalsøkk eller le av ein stein for vindstyrken?
  • Stemte målingane av temperatur og sollys med det de antok?
  • Presenter variasjonar i temperatur og vindforholda på lokaliteten basert på opplysningar frå Yr.no.
  • Korleis varierer lysstyrken i løpet av dagen?
  • Framstill variasjonen i eit diagram, og kommenter diagrammet.
  • Korleis varierte skydekket?
  • Gi døme på at dei abiotiske faktorane påverkar kvarandre og korleis dei påverkar dei biotiske faktorane, og omvendt.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Alf Jacob Nilsen og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 20.04.2021

Læringsressursar

Feltarbeid i fjellet