Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Feltarbeid: Gradientanalyse på ein rabb

På rabbane er vegetasjonen utsett for sterk kulde om vinteren og tørke om sommaren. I denne oppgåva skal de gjennomføre ein gradientanalyse. Kartlegg kva slags plantar som veks på ein rabb, og korleis fordelinga mellom artane er over ei viss strekning frå toppen og ned skråninga.

Føremål

I denne oppgåva skal de kartleggje kva slags plantar som veks på ein rabb, og korleis fordelinga mellom artane er over ei viss strekning frå toppen av rabben og ned skråninga.

Kva er ein rabb?

Elevar gjer undersøkingar i fjellet. Foto

Ein rabb er eit høgdedrag eller ein liten rygg der snøen blæs av om vinteren og vatnet renn bort om sommaren. Rabbane er derfor tørre om sommaren og nakne eller med berre eit tynt snødekke om vinteren. Rabben er ein motsetnad til snøleiet, der snøen ligg nesten heile sommaren og det ofte er mykje fukt.

Plantane som veks på rabben, har relativt lang vekstsesong og er utsette for sterk kulde om vinteren og tørke om sommaren. Vegetasjonen er dominert av ulike lyngartar, som rypebær, krekling og greplyng. Dessutan finn vi ofte dvergbjørk og einer som dominerer litt nedanfor toppen av rabben. Lavartar dominerer gjerne botnsjiktet på rabben, og ofte er dei prega av dei lyse lavartane, som reinlavartar.

Framgangsmåte

  1. Elevar gjer undersøkingar i fjellet. Foto

    Når de kjem til ekskursjonsområdet, må de velje ut ein passande rabb, dersom de ikkje har gjort det på førehand.

  2. Start med å ta oversiktsbilete og lage skisser som viser korleis rabben ligg i terrenget.
  3. Gjer notat om korleis rabben ser ut.
  4. Merk av rabben på kartet, og finn posisjonane og høgd over havet.
  5. Fest tauet ved toppen av rabben, og strekk det ut nedover skråninga på lesida av rabben, eller vel den sida de synest er best med tanke på dei lokale forholda.
  6. Bruk kompass, og finn ut kva retning tauet er strekt ut i. Mål hellingsvinkelen på terrenget. Bruk eit kompass med klinometer eller ein app.
  7. Registrer kva for plantar som veks i ein avstand på 50 cm frå kvar side av tauet. Noter kor dominerande veksten er. Her kan de bruke ei loggføring som vist i filmen, eller de kan lage eit eige tilsvarande system.
  8. Ta bilete undervegs, og ver sikre på at de har artsbestemt plantane riktig.
  9. Om de har tid, kan de gjere tilsvarande undersøkingar på fleire rabbar eller på fleire sider av ein rabb.

Til ekskursjonsrapporten

  • Ekskursjonsrapporten bør innehalde ei forklaring på kva ein rabb er, med beskriving og bilete av rabben de undersøkte.
  • Ta med eit kartutsnitt der de har merkt av rabben de undersøkte.
  • Vidare må de beskrive metoden de brukte for å kartleggje rabbvegetasjonen.
  • Presenter resultata slik at det kjem tydeleg fram kva for artar som vaks på rabben, og korleis dei ulike artane dominerte i vegetasjonen. Legg vekt på å seie noko om korleis éin eller fleire av artane er tilpassa dei tøffe vekstforholda på rabben.
CC BY-SASkrive av Alf Jacob Nilsen.
Sist fagleg oppdatert 22.04.2021

Læringsressursar

Feltarbeid i fjellet