Bakteriar
Bakteriar er prokaryote organismar. Dei består av berre éi prokaryot celle. Samanlikna med eukaryote celler er prokaryote celler svært enkle. Dei har få indre strukturar og organellar og er utan cellekjerne.
Sjølv om bakteriane er små og enkle, er dei sjølvstendige organismar som driv gassutveksling, skaffar seg energi, skil ut avfallsstoff, beveger seg, formeirar seg og forsvarer seg mot fiendar – akkurat slik som alt anna liv. Dei er alltid eincella, men kan samarbeide med kvarandre og danne koloniar.
Nysgjerrigper!
Har du nokon gong observert ei plantecelle, ei hudcelle eller ei blodcelle gjennom mikroskopet? Du trudde kanskje at desse cellene var små, men dei er 50–2500 gonger større enn ein bakterie.
Bruk denne interaktive illustrasjonen til å finne ut korleis bakteriar og andre prokaryote celler er strukturerte og bygde opp.
Arvestoffet til bakteriane
Bakteriane har berre eitt einaste sirkulært kromosom. Det inneheld alle gena organismen treng for å leve og formeire seg. Dette ligg fritt og ubeskytta i cytosol – og ikkje i ein cellekjerne, slik det gjer hos plante- og dyreceller.
I tillegg kan bakteriane ha små, ringforma DNA-sekvensar med få gen. Desse blir kalla plasmid. Dei er ikkje nødvendige for bakterien "til dagleg", men informasjonen her kan brukast til å lage enzym som bakterien treng under vanskelege miljøforhold.
Organellar
Bakteriar har berre éin organell, nemleg ribosom. Desse skil seg frå dei ribosoma vi finn hos eukaryote celler, men har same oppgåve: å bygge protein av aminosyrer. Sidan bakteriar manglar ER og golgiapparat, går proteina rett ut i cytosol utan vidare pakking eller omarbeiding.
Ytre strukturar
Bakteriar har til liks med andre celler ein halvgjennomtrengeleg cellemembran. Utanpå cellemembranen har bakteriane ein cellevegg som hindrar at organismen sprekk. Celleveggen kan vere dekt av eit slimlag som beskyttar organismen. Flagellar og ciliar er organ som bakteriar bruker til å bevege seg eller feste seg til ulike underlag.
Det er stor variasjon blant bakteriane. Det gjeld både korleis dei ser ut, korleis dei skaffar seg energi, og kvar dei lever. Bakteriar er ei gruppe organismar som er svært gode til å tilpasse seg, og vi finn dei derfor overalt. Dei kan kapsle seg inn, slik at dei toler både tørke, varme og angrep frå andre celler.
Sidan bakteriane verken har mitokondriar eller kloroplastar, skjer næringsopptak, utskiljing og energiomsetning ved hjelp av enzym i og ved cellemembranen. Cellemembranen hos bakteriar er derfor ofte sterkt folda, slik at han får eit stort overflateareal til energiomsetninga.
Bakteriar skaffar seg energi på ulike måtar: Nokre utnyttar sollyset, andre skaffar seg energi frå uorganiske sambindingar, og atter andre er avhengige av organiske sambindingar som andre har laga. På same måte som eukaryote celler lagrar bakteriane energi i form av ATP, som kan brukast til å drive dei kjemiske reaksjonane.
Bakteriar kan vere | Energikjelde | Karbonkjelde |
---|---|---|
fotoautotrofe | lys | CO2 |
kjemoautotrofe | uorganiske kjemiske sambindingar | CO2 |
fotoheterotrofe | lys | organiske sambindingar |
kjemoheterotrofe | organiske sambindingar | organiske sambindingar |
Næringsopptak hos bakteriar
I denne videoen kan du sjå ein bakteriekoloni som et ein alge. Videoen er ein time-lapse og er filma gjennom eit lysmikroskop.
For eincella organismar er celledeling den einaste måten dei kan formeire seg og produsere nye avkom på. Bakteriar formeirar seg ukjønna gjennom ei spesiell celledeling som blir kalla binær fisjon.
Når organismen når ein viss storleik, deler han seg på midten og blir til to skilde organismar. Dei to nye organismane inneheld same arvestoff og er dermed genetiske kopiar av kvarandre.
Når miljøforholda ligg til rette for det, kan bakteriar formeire seg svært raskt. Sidan kvar bakterie deler seg i to ved formeiring, kan nokre få bakteriar raskt auke til mange millionar.
Bakteriar blir ofte knytte til sjukdom, men dei er faktisk svært nyttige for oss og alle andre organismar. Det går ikkje an å tenke seg livet på jorda utan bakteriar.
Døme på bakteriane sine ulike roller
Bakteriar er viktige for nedbryting av dødt organisk materiale, og dei er sentrale i fleire av krinsløpa i naturen.
Dei er viktige for å gjere næringsstoff tilgjengelege for plantar.
I industrien har vi utnytta evna bakteriane har til å omdanne og produsere kjemiske stoff. Dette bruker vi til å utvikle medisinar, gjere om matavfall til biogass og biobrensel, og lage produkt som ost, brød, øl og yoghurt.
Bakteriar i fordøyingssystemet ditt bryt ned mat du ikkje klarer å bryte ned sjølv. Dei bidreg til å få bukt med skadelege mikroorganismar og produserer K-vitamin.
Visste du at …?
Menneskekroppen består av eit samspel mellom prokaryote og eukaryote celler. I kroppen vår er det omkring ti gonger fleire bakterieceller enn menneskeceller. Bakteriane er svært små samanlikna med kroppscellene, men utgjer likevel cirka 1,5 kg av kroppsvekta di. Dei fleste bakteriane er nyttige for oss og finst hovudsakleg på huda og i tarmkanalen.
Relatert innhald
Lenge var prokaryote celler den einaste forma for liv på jorda, før dei utvikla seg til meir komplekse celler, dei eukaryote cellene.
Prokaryote organismar formeirar seg ved binær fisjon. Når organismen får ein viss storleik, deler han seg på midten og blir til to åtskilde organismar.
Lönn-Stensrud, J. (2016). Bakterienes forunderlige verden. Universitetsforlaget.
Parker, N. et al. (2016, 1. november). Prokaryotes: Bacteria and Archea. I Microbiology. OpenStax. Henta 16. mars 2022 frå https://openstax.org/books/biology-2e/pages/22-introduction
Parker, N. et al. (2016, 1. november). Prokaryotic Cells. I Microbiology. OpenStax. Henta 3. juni 2022 frå https://openstax.org/books/biology-2e/pages/4-2-prokaryotic-cells
Parker, N. et al. (2016, 1. november). Prokaryotic Diversity. I Microbiology. OpenStax. Henta 11. april 2022 frå https://openstax.org/books/microbiology/pages/4-introduction