Hopp til innhald

Fagstoff

Samandrag – mikroorganismar

Dette samandraget gir deg oversikt over det viktigaste fagstoffet i emnet om mikroorganismar.
Boksar med fargar og clip-art som viser ulike typar mikroorganismar: bakteriar, virus, sopp, algar og eincella organismar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er mikroorganismar?

Mikroorganismar, eller mikrobar, er organismar som er så små at vi ikkje kan sjå dei utan mikroskop. Det finst veldig mange ulike typar mikroorganismar. Nokre av dei kan gjere oss sjuke, men mange er også nyttige og heilt nødvendige.

Til gruppa mikroorganismar reknar vi

  • bakteriar
  • virus
  • sopp
  • algar

  • andre små eukaryotar

Bakteriar er prokaryote organismar

Bakteriar er prokaryote organismar og består av berre éi prokaryot celle. Prokaryote celler er svært enkle samanlikna med eukaryote celler. Dei har få indre strukturar og organellar og er utan cellekjerne.

Oversikt over oppbygging og struktur hos ein bakterie. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Virus – dødt eller levande?

Virus er ikkje celler, men partiklar som består av arvestoff pakka inn i ei proteinkappe. Så lenge eit virus er utanfor ei levande celle, har det ingen av funksjonane som kjenneteiknar ein levande organisme. Men situasjonen er ein heilt annan når viruset har kapra ei celle.

Teikning som viser korleis eit virus er bygd opp, og som inneheld desse elementa: protein til feste, enzym, membran, proteinkappe og arvestoff. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eukaryote mikroorganismar

Eukaryote mikroorganismar er ei svært mangfaldig gruppe. Ho omfattar mellom anna algar, sopp og andre organismar som det er vanskeleg å putte inn i ein kategori. Det dei har til felles, er at dei er bygde opp av berre éi eller nokre få eukaryote celler. Det vil seie celler som har ein avgrensa cellekjerne.

Ei rekke med ulike mikroskopiske skapningar. Til venstre: slimdyr, flagellatar, sporedyr, flimmerdyr. I midten: mikroalgar. Til høgre: sopp. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Binær fisjon

For eincella organismar er celledeling den einaste måten dei kan formeire seg og produsere nye avkom på. Prokaryote organismar formeirar seg ved ein spesiell type celledeling: binær fisjon. Når organismen får ein viss storleik, deler han seg på midten og blir til to skilde organismar.

Celledeling ved binær fisjon steg for steg. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø.
Sist fagleg oppdatert 28.06.2022

Læringsressursar

Mikroorganismar