Kroppen og dei nyttige mikroorganismane
Det er ei stor og variert gruppe mikroorganismar som har busett seg på og i kroppen vår, og det er ein tydeleg samanheng mellom helsa vår og samansetjinga av mikroorganismar i og på kroppen vår. Vi finn mikroorganismar overalt, i munnhòla, i luftvegane, i tarmen og i alle krikar og krokar på overflata til kroppen.
Fordi mikroorganismar utfører mange livsviktige funksjonar i kroppen vår, kan dei reknast som eit eige organ som kallast mikrobiom. Det som skil mikrobiomet frå dei andre organa våre som hjarte, hjerne og nyrer, er at mikrobiomet ikkje består av våre eigne kroppsceller, men av framande celler frå eincella mikroorganismar.
Mikroorganismane er involverte i immunforsvaret vårt, der dei vernar oss mot sjukdomsframkallende mikroorganismar, såkalla patogene organismar, og bidreg til nedbryting og produksjon av næringsstoff. Kva oppgåver dei ulike mikroorganismane har, avheng av kvar på eller i kroppen dei har slått seg ned.
Vi startar allereie under fødselen med å etablere mikrobiomet vårt. Dei tre første åra av livet vårt er spesielt viktige for denne utviklinga. Etter kvart blir samansetjinga av mikroorganismar meir stabil, sjølv om små endringar skjer gjennom heile livet. Du kan sjølv bidra til å endre denne samansetjinga gjennom livsstilen din.
Huda
Huda er det største organet vårt og det første forsvaret vårt mot inntrengjarar. Mikroorganismane som lever her, produserer ulike kjemiske stoff som skaper ugunstige vekstforhold for patogene organismar. Her finn vi stor variasjon i artssammensetninga av mikroorganismar, men artane er spesielt tilpassa det området dei vernar. Til dømes finn vi heilt andre mikroorganismar i armhola enn under føtene eller på olbogen.
Munnhòla
Nokre av dei mest allsidige mikroorganismane finn vi i munnhòla. Desse bidreg til nedbryting av komplekse karbohydrat som ikkje kan brytast ned av fordøyingsenzyma våre. Dei påverkar aktiviteten og utviklinga av immunceller og skil ut kjemiske stoff som skaper eit ugunstig miljø for patogene organismar. Streptococcus salivarius er eit døme på ein leigebuar i munnhòla som produserer kjemiske stoff som kjempar mot patogene bakteriar.
Luftvegane
Mikroorganismar i nasen og luftrøyret fungerer som dørvakter for å hindre ubedne gjestar i å slå seg ned i luftvegane. På den måten vernar dei luftvegane mot luftborne infeksjonar.
Tarmkanalen
I tarmkanalen kryr det av mikroorganismar som bidreg til at vi har det bra og kontrollerer at kroppen vår fungerer som han skal. Her hjelper dei små organismane til med å bryte ned og ta opp næringsstoff som kroppen sjølv har problem med å fordøye, til dømes komplekse karbohydrat, uabsorberte sukkerartar og alkoholar.
Mikroorganismar i tarmen hjelper oss òg med å hente ut mineral frå maten og til å produsere aminosyrer og vitamin. Escherichia coli er eit døme på ein bakterie som held til i tarmen og bidreg til produksjonen av vitamin K.
Det er viktig at vi har eit forsvar mot patogene organismar som kjem inn saman med maten vi et. Mikroorganismane i tarmen fungerer som eit slikt forsvar. Dei konkurrerer med invaderande mikroorganismar om plass og næringsstoff, i tillegg til at dei produserer kjemiske stoff som skaper ugunstige vekstforhold for inntrengarane.
Underlivet – urinvegane og vagina
Urinvegane er for menn og kvinner veldig ulike. Det same er mikroorganismane som lever her, men felles for dei er at dei produserer kjemiske stoff som drep patogene organismar, og på den måten dannar barrierar som blokkerer tilgjenget for framande mikroorganismar. Mikroorganismane som er i vagina, fungerer på same måte og speler ei sentral rolle i å motverke soppinfeksjonar.
Ny forsking har gitt oss spennande innsikt i verda til mikroorganismane og forholdet deira til helsa vår, men dette er ei verd vi berre så vidt har byrja å forstå.
Det er berre ein liten del av dei talrike mikroorganismane som kan gjere oss sjuke. Likevel er det desse vi har mest kunnskap om, fordi det hovudsakleg er dei det blir forska på.