Hopp til innhald
Fagartikkel

Virus – dødt eller levande?

Virus er ikkje celler, men partiklar som består av arvestoff pakka inn i ei proteinkappe. Så lenge eit virus er utanfor ei levande celle, har det ingen av funksjonane som kjenneteiknar ein levande organisme. Men situasjonen er ein heilt annan når viruset har kapra ei celle.

Tenk gjennom!

Kva er liv? Kva er felles for levande organismar?

På grensa til liv

Så lenge eit virus er utanfor ei levande celle, har det ingen av funksjonane som kjenneteiknar ein levande organisme: Virus tek ikkje opp næring, har ingen metabolisme (stoffskifte), veks ikkje og kan ikkje bevege seg eller formeire seg utan hjelp frå levande celler. Men dei kan reagere på omgivnadene.

Når eit virus registrerer kontakt med ei celle, kan det invadere denne vertscella og deretter lure og utnytte ho. Nokre virus kan angripe fleire ulike organismar, mens andre er artsspesifikke. Virus kan også utvikle seg ved å ta opp nytt arvestoff frå vertscellene, og dei er utruleg flinke til å spreie gena sine.

Viruset si oppbygging

Virus er dei minste av alle mikroorganismane (20–450 nm), og dei er berre synlege i elektronmikroskop. Til samanlikning er eit hårstrå rundt 50 000 nm i diameter. Det vil seie opptil 2500 gonger tjukkare enn eit virus.

Virus er arvestoff omgitt av ei proteinkappe (kapsid) som dannar ein symmetrisk struktur. Mange virus har også ein beskyttande membran utanpå proteinkappa. Som hos dyreceller består membranen av eit dobbelt lag lipidmolekyl (feittstoff) med innfelte . Viruset bruker desse proteina til å feste seg til celler det skal angripe.

Arvestoffet kan vere lineært eller sirkulært og bestå av anten RNA eller DNA. Det består av nok gen til å innehalde oppskrifta på proteinkappen og nok enzym til å kopiere arvestoffet. Virus blir gjerne grupperte som DNA- eller RNA-virus (retrovirus), alt etter kva type arvestoff dei inneheld.

Ulike typar virus

Virus formeirar seg i andre celler

Virus treng andre celler for å kunne formeire seg. Virus er på vertscella og bruker materialet i cella til å lage kopiar av seg sjølv. Nokre gonger startar produksjonen straks. Andre gonger kan arvestoffet til viruset "gøyme seg" i vertscella og bli reaktivert seinare.

Korleis kjem virus seg inn i cellene?

Virus angrip spesifikke celler ved å binde seg til bestemde reseptorar som hjelper viruset med å trenge gjennom cellemembranen.

Korleis eit virus kjem seg inn i ei celle, avheng av kva type virus det er snakk om. injiserer arvestoffet sitt direkte gjennom cellemembranen. Andre virus blir tekne opp ved fordi cella oppfattar viruset som noko nyttig. Hos plantar kan virus snike seg inn gjennom . Enkelte proteinkapper kan også smelte saman med cellemembranen hos vertscella.

Manipulering av vertscella

Det er gena i arvestoffet til viruset som blir brukte for å lage byggesteinar til nye virus. RNA-virus tek med seg enzym som set om RNA til DNA, før arvestoffet blir kopiert i vertscella. Dei nye proteinkappene og kopiar av arvestoffet til viruset blir sette saman til ferdige virus inne i cella. Ei celle kan danne fleire hundre nye virus. Når virus formeirar seg, får dei ofte med seg delar av arvestoffet til vertscella. Det gjer at talet på gen aukar.

Når kopiar av viruset forlèt vertscella, er kopiane omgitt av cellemembranen til vertscella. Dermed kan dei mistolkast av andre celler.

Virus bruker to ulike formeiringsmekanismar:

  • lysogen formeiring

  • lytisk formeiring

Lysogen formeiring – arvestoffet blir sett inn i arvestoffet til vertscella

Ved lysogen formeiring set viruset arvestoffet sitt inn i arvestoffet hos vertscella, og nye virus blir produserte kvar gong vertscella deler seg. Dette kan påverke vertscella sitt eige arvestoff og dermed gi cella nye eigenskapar, men det tek ikkje livet av ho.

Virusa blir sleppte ut av cella ved eller ved at ei utbukting på cellemembranen blir snørt av. Dei nye virusa er omgitt av cellemembranen til vertscella, og dei kan dermed mistolkast av andre celler. Innebygde virus kan føre til fleire sjukdomsutbrot hos vertsorganismen.

Lytisk formeiring – viruset kaprar produksjonsapparatet til vertscella

Viruset tek kontrollen over vertscella og bruker enzym, ribosom og aminosyrer hos vertscella til å lage kopiar av seg sjølv. Den kapra cella blir tvinga til å produsere virus heilt til ho sprekk. Dermed døyr vertscella, og dei nye virusa blir spreidde til andre celler.

Virus er betre enn sitt rykte

Virus blir oftast forbundne med sjukdom, men har mange andre roller som er mindre kjende:

  • Vi har virus i fordøyingssystemet vårt som angrip patogene mikroorganismar og hjelper oss med å halde oss friske.

  • Bakteriofagar er virus som angrip bakteriar. Kanskje desse kan bli den nye medisinen som hjelper oss i kampen mot antibiotikaresistens?

  • Evna virus har til å overføre gen mellom ulike organismar, gjer dei til eit nyttig verktøy innan genteknologi.

  • Virus er viktig for nedbryting av organisk materiale og bidreg dermed til å frigjere næringsstoff.

Tenk gjennom!
Kjenner du til andre roller eller bruksområde der virus kan vere nyttige?

Kjelde

Parker, N. et al. (2016, 1. november). Acellular Pathogens. I Microbiology. OpenStax. Henta 19. mai 2022 frå https://openstax.org/books/microbiology/pages/6-introduction