Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Refleksjonsoppgåver om mikroorganismar

Desse oppgåvene vil hjelpe deg med å arbeide vidare med stoffet om mikroorganismar. Oppgåvene utfordrar deg til å reflektere og sjå etter samanhengar.
Ei jente sit ved eit bord med skriveblokk, penn, bøker og laptop. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1. Skadelege mikroorganismar?

Forklar kvifor det berre er nokre mikroorganismar som er skadelege for dyr, plantar eller menneske.

Oppgåve 2. Nedbrytarar

  1. Kva meiner vi når vi seier at «bakteriar bryt ned organisk materiale»? Kva skjer med stoffa i til dømes ein død elg som langsamt rotnar i skogen?

  2. Kvifor er det så grunt jordsmonn i regnskogar, der det er mykje dødt organisk materiale som må brytast ned til kvar tid?

  3. Tenk deg at jorda i eit område blir forureina med eit stoff som drep bakteriane som bryt ned døde plantar og dyr. Korleis vil dette påverke krinsløpet til karbonet i dette området?

  4. På eit jorde der det stadig blir liggande mykje vatn, vil organismar som treng oksygen, mistrivast eller døy. Kva konsekvensar får dette for jorda og produksjonen?

Oppgåve 3. Kva type bakterie?

Nokre forskarar isolerer ein ny bakterieart. Dei legg merke til at det er ein bacillusart med eit dobbelt lipidlag, og at peptidoglykanet i celleveggen kan fargast. Det sirkulære kromosomet kopierer seg sjølv frå éin stad på kromosomet. Forklar kva for ein av desse bakterietypane denne bakteriearten truleg høyrer til:

  1. erkebakteriar

  2. grampositive bakteriar

  3. gramnegative bakteriar

Oppgåve 4. Prokaryotar

Ta utgangspunkt i forholda (temperatur, lys, trykk, organisk og uorganisk materiale) i ei varm kjelde på djupt vatn. Kva type prokaryotar forventar du å finne her – autotrofe, fototrofe, kjemotrofe eller andre? Grunngi svaret ditt.

Oppgåve 5. Vekselbruk og erteplantar

Bønder unngår gjerne å ha det same planteslaget på det same jordet to år på rad. Dette blir kalla vekselbruk.

  1. Kva trur du er formålet med ein slik praksis?

  2. Korleis vil det påverke tilstanden til jorda viss du plantar erter på eit jorde året etter at du dyrka gulrøter på det same jordet?

Oppgåve 6. E. coli på salatblad

Forskarar har funne ut at det å vaske salaten i vatn fleire gonger ikkje alltid hindrar smitte av E. coli. Det viser seg at det er store forskjellar mellom ulike typar salat.

Grøne salatblad blir vaska i vatn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Korleis kan du forklare dette?

  2. Foreslå metodar for å unngå smitte av E. coli som er meir effektive enn å vaske salaten i vatn.

Oppgåve 7. Snakk med vennen din om bakteriar

Du har ein venn som meiner at bakteriar alltid er skadelege og forårsakar sjukdommar. Korleis vil du gå fram for å overtyde vennen din om at hen tek feil?

Oppgåve 8. Handvask og infeksjonsfare

Somme bruker såper med antibakterielle middel når dei vaskar hendene sine. Å bruke det for ofte kan faktisk auke faren for å få ein infeksjon. Korleis kan det skje?

To hender som er i ferd med å bruke desinfeksjonsmiddel frå ei lita flaske. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 9. Influensavirus

Influensavirus er pakka inn i ei slags kappe som smeltar saman med plasmamembranen til celler. Slik kan virus komme seg inn i vertscella utan å drepe henne. Kva fordel har viruset av at cella ikkje døyr?

Oppgåve 10. Plantevirus

Menneske kan ikkje bli infiserte av plantevirus. Korleis kan slike virus påverke oss likevel?

Oppgåve 11. Sara får utslett

Når Sara (7) kjem heim frå skulen, klagar ho over eit stort utslett som klør på armen. Ho klarer ikkje å stoppe å klø, og foreldra blir bekymra. Når dei ser nærare på utslettet, ser dei at det er raudt og rundt med ei forhøgning langs ytterkanten.

 Nærbilete av hud med ringforma utslett. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Neste dag tek foreldra med Sara til legen. Legen undersøker utslettet med UV-lys, og utslettet blir sjølvlysande. Legen konkluderer med at Sara har ringorm.
Saras far bryt forskrekka ut: "Orm! Korleis kan Sara ha fått orm?" Kan du foreslå sannsynlege forklaringar til Saras far?


Kjelder

Clark, M.A., Douglas, M. & Choi, J. (2018, 28. mars). Critical Thinking Questions. OpenStax. Biology 2e. Henta frå https://openstax.org/books/biology-2e/pages/22-critical-thinking-questions

Parker, N., Schneegurt, M., Tu, A.H.T., Lister, P. & Forster, B.M. (2016, 11. januar). Unicellular Eukaryotic Parasites. OpenStax. Microbiology. Henta frå https://openstax.org/books/microbiology/pages/5-1-unicellular-eukaryotic-parasites

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin. Rettshavar: Openstax
Sist fagleg oppdatert 27.09.2022

Læringsressursar

Mikroorganismar