Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppsummeringsoppgåver – mikroorganismar

Her finn du varierte oppgåver om mikroorganismar. Oppgåvene gir deg god trening i nye omgrep og ei fin oversikt over emnet.

Oppgåve 1. Sant eller usant?

Ta stilling til påstandane om mikroorganismar, og avgjer om dei er sanne eller usanne.

Oppgåve 2. Kva blir rekna som mikroorganismar?

Dra og slepp det som blir rekna som mikroorganismar, til boksen.

Oppgåve 3. Kva har mikroorganismar til felles?

Ta utgangspunkt i fasiten til oppgåve 2. Diskuter to og to eller i grupper.

  1. Kan de finne eigenskapar som er felles for alle desse mikroorganismane?
  2. Ta stilling til dei alternativa som ikkje er mikroorganismar. Diskuter kvifor dei ikkje blir rekna som det.
  3. Skriv dykkar eigen definisjon av kva som er meint med mikroorganismar.
  4. Bruk definisjonen dykkar til å velje ut dei organismane som passar til beskrivinga. Kva finn de ut? Må de justere definisjonen for å få med berre det som er mikroorganismar på biletet nedanfor?

  5. Finn ein definisjon av mikroorganisme på nettet. Samanlikn denne definisjonen med definisjonen dykkar. Kva skil forklaringane frå kvarandre? Kva er likt?

Oversikt over størrelsen til ulike typer mikroorganismer. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 4. Oppbygninga av bakteriar

Dra og slepp.

Oppgåve 5. Oppbygninga av virus og virustypar

Dra og slepp virusdelane og namna på virustypane til rett plass.

Oppgåve 6. Venn-diagram med bakteriar og virus

  1. Kva eigenskapar

    • gjeld berre bakteriar?

    • gjeld berre virus?

    • er felles for både bakteriar og virus?

    Dra boksane til det feltet som passar i Venn-diagrammet.
    NB! Det er ikkje sikkert at alle boksane skal plasserast ut.

  2. Kva for nokre andre likskapar eller forskjellar mellom bakteriar og virus kjenner du til?

  3. Bruk det du har komme fram til i oppgåvene ovanfor, til å forklare for ein annan kva som kjenneteiknar

    • bakteriar

    • virus

Oppgåve 7. Sjuk av bakteriar

Gi døme på sjukdommar som blir framkalla av bakteriar.

Oppgåve 8. Binær fisjon

Kva fordelar har bakteriar av at dei kan formeire seg ved binær fisjon (todeling)? Er det nokon ulemper med ein slik måte å formeire seg på?

Oppgåve 9. Plasmid

  1. Kva er plasmid?

  2. Kva nytte har bakteriane av plasmid?

Oppgåve 10. Formeiring hos virus

Bruk figuren til å forklare forskjellen på korleis lytisk og lysogen formeiring hos virus går føre seg. Stikkord: vertscelle, endocytose, eksocytose, celledeling, arvestoff.

To ulike syklusar der virus-partikkelen trenger inn i cella og formeirar seg. I det eine tilfellet blir det fleire viruspartiklar i cella, heilt til ho sprekk. I det andre tilfellet blir det fleire viruspartiklar ved at vertscella deler seg. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 11. Vel rett svaralternativ

Oppgåve 12. Kva ser du her?

  • Kor mange ulike mikroorganismar finn du på biletet?

  • Klarer du å finne ut kva slags mikroorganismar det er?

Mikroskopbilete av mikroorganismar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 13. Mikroskopiske overraskingar?

No har de jobba mykje med mikroorganismar. Skriv ned tre ting som har overraska deg når det gjeld mikroorganismar, og fortel det deretter til ein medelev.

Kjelde

Clark, M. A., Douglas, M. & Choi, Jung. (2018, 28. mars). Review Questions. OpenStax. Biology 2e. Henta frå: https://openstax.org/books/biology-2e/pages/22-review-questions

CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 27.09.2022

Læringsressursar

Mikroorganismar