Hopp til innhald
Fagartikkel

Eukaryote mikroorganismar

I tillegg til bakteriar og virus finst det fleire andre organismar som er så små at vi berre kan sjå dei under mikroskop. Det gjeld mellom anna sopp, algar, slimdyr, flagellatar, sporedyr og flimmerdyr.

Tenk gjennom!

Kva ligg i omgrepet mikroorganisme? Lag di eiga forklaring.

Kvar går grensa for kva som blir rekna som mikroorganismar?

Eukaryote mikroorganismar

I tillegg til bakteriar og virus finst det fleire andre organismar som er så små at vi berre kan sjå dei under mikroskop, mellom anna

  • sopp

  • algar

  • slimdyr

  • flagellatar

  • sporedyr

  • flimmerdyr

Stor variasjon i utsjånad, levemåte og storleik

Eukaryote mikroorganismar er ei svært mangfaldig gruppe. Ho omfattar mellom anna algar, sopp og andre organismar som det er vanskeleg å putte inn i ein kategori. Det dei har til felles, er at dei er bygde opp av berre éi eller nokre få eukaryote celler. Det vil seie celler som har ein avgrensa cellekjerne.

Sjølv om organismane er små og enkle, klarer dei likevel å utføre alle oppgåvene som er nødvendige for å drive dei ulike livsprosessane. Det gjer dei anten åleine eller i koloniar der dei samarbeider med andre individ om ulike oppgåver. Organismane er svært ulike når det gjeld utsjånad, levemåte og storleik. Dei livnærer seg av lys, som nedbrytarar, som parasittar eller ved å ta opp og bryte ned andre mikroorganismar. Dei fleste formeirar seg ukjønna ved eller , men nokre bruker også sporar.

Eukaryote mikroorganismar finst i dei fleste økosystem, men trivst best der det er fuktig. Dei kan vere fastsitjande eller frittlevande, leve i koloniar eller snylte på andre organismar (). Nokre beveger seg ved hjelp av flagellar og ciliar. Andre trekker seg framover ved å slenge ut falske føter (pseudopodium). Det finst også nokre som berre svever rundt i dei frie vassmassane. Desse kallar vi gjerne plankton.

Mange av parasittane kan forårsake sjukdom hos organismen der dei slår seg ned.

Sopp – trekk frå både plantar og dyr

Når du høyrer ordet "sopp", tenker du kanskje på flugesopp, sjampinjong eller kantarell, og ikkje på mikroorganismar? Soppar kan også vere små og eincella. Men dei veks gjerne i koloniar, slik at vi kan sjå dei utan å bruke mikroskop. Gjærsopp og muggsopp er døme på det.

Soppar har mange likskapstrekk med plantar og dyr, men er plasserte i eit eige rike. Det er fordi dei manglar klorofyll og ikkje kan "lage" si eiga næring. Mange av soppane skaffar seg næring ved å bryte ned døde plantar eller ved å leve i med andre organismar, som algar eller plantar. Dei er fastsitjande, men formeirar seg ofte ved hjelp av sporar eller ved at dei snører av ein .

Slimsoppar

Slimsoppar skil seg frå andre soppar ved at dei har eit amøbestadium der dei kan bevege seg. I tillegg kan dei fordøye matpartiklar.

Dei fleste soppar er harmlause for menneske, men nokre kan forårsake sjukdom hos menneske, dyr og plantar. Sopp har fleire bruksområde. Mellom anna blir dei brukte i produksjon av ost, bakverk og alkohol, og dei er svært nyttige i framstilling av antibiotika.

Mikroalgar er bitte små plantar

Algar er autotrofe organismar som skaffar seg energi ved å drive fotosyntese. Algar er bygde opp av planteceller, men fordi dei lever i vatn, manglar dei nokre av dei karakteristiske trekka som landplantar har.

Tang og tare er kvardagsomgrep som omfattar alle større havalgar. Nokre av desse kan bli fleire meter lange, men algar kan også vere veldig små. Algar som består av berre éi eller nokre få celler, blir kalla mikroalgar. Dei eincella algane lever hovudsakleg som plankton (planteplankton).

Eit mangfald av små organismar

Det finst også mange eukaryote mikroorganismar som det er vanskeleg å plassere i ei gruppe. Desse høyrde tidlegare til det såkalla protistriket.

Dei fleste av desse er fargelause, som tek opp andre mikroorganismar ved . Dei har ikkje og organ, men ofte spesialutvikla organellar som driv dei ulike livsprosessane. Dei som lever i ferskvatn, bruker til dømes vakuolar som kan trekke seg saman, til å ta opp næring og regulere vassbalansen ().

Bli kjend med tøffeldyr og kontraktile vakuolar

Tøffeldyra sym ved å lage bølgerørsler med flimmerhåra. Dei tek opp næring ved hjelp av to vakuolar som kan trekke seg saman, og som blir kalla kontraktile vakuolar. Legg merke til dei to runde boblene inne i organismen som plutseleg forsvinn og dukkar opp igjen ein annan stad.

La deg fascinere av flimmerdyr

Flimmerdyr (ciliatar) er vasslevande mikroorganismar som bruker flimmerhår på kroppsoverflata til å bevege seg eller fange opp næringsstoff i omgivnadene. Videoen viser eit flimmerdyr som et ein trådliknande bakterie.

andre eukaryote mikroorganismar
TypeKort beskrivingDøme
Slimdyr Eincella dyr utan cellevegg og flagell. Dei trekker seg framover ved å slenge ut falske føter (pseudopodium).Amøbar, poredyr
FlagellatarEincella organismar som beveger seg ved hjelp av flagellar. Dei har gjerne skjel eller kalkplater som omgir organismen. Giardia, sovesjukeflagellatar, fureflagellatar
Sporedyr Eincella parasittar som hovudsakleg lever på dyr. Dei fleste manglar rørsleorgan.Plasmodium, toksoplasmid
Flimmerdyr Eincella organismar som bruker flimmerhår på kroppsoverflata til å bevege seg eller fange opp næringsstoff i omgivnadene. Dei er vasslevande og kan vere anten fastsitjande eller frittlevande.Tøffeldyr, trompetdyr, klokkedyr



Mikroskopiske, men IKKJE mikroorganismar

Det finst nokre andre organismar som er så små at dei er usynlege utan mikroskop, men som likevel ikkje blir rekna som mikroorganismar. Døme på dette er bjørnedyr, korsettdyr, mesozoa, midd og hjuldyr.




Relatert innhald

Fagstoff
Systematikk

Med systematikk får vi oversikt over dei organismane som finst, og slektskapet mellom dei. Då blir vi i stand til å ta vare på biomangfaldet.

Fagstoff
Tre små rike

Organismar som ikkje passar inn i dei store og tradisjonelle rika, blir gjerne fordelte på mindre rike som det gule riket, slimriket og urdyrriket.

Kjelder

Parker, N. et al. (2016, 1. november). The Eucaryotes of Microbiology. I Microbiology. OpenStax. Henta 27. mai 2022 frå https://openstax.org/books/microbiology/pages/5-introduction

Tønjum, T. (2021, 16. desember). Sopp. I Store medisinske leksikon. Henta 1. juni 2022 frå https://sml.snl.no/sopp

Universitetet i Oslo. (2019, 3. juli). Ciliater. I Botanisk og plantefysiologisk leksikon. Henta 30. mai 2022 frå https://www.mn.uio.no/ibv/tjenester/kunnskap/plantefys/leksikon/p/protozooer.html

Universitetet i Oslo (2021, 17. april). Protozoer. I Botanisk og plantefysiologisk leksikon. Henta 23. mai 2022 frå https://snl.no/protozoer

Viberg, K. (2021, 26. juli). Plankton. I Store norske leksikon. Henta 27. mai 2022 frå https://snl.no/plankton