Hopp til innhald

Kommunikasjon og samhandling (HS-BUA vg2)

Samhandling og samspel

Vi lærer å samhandle med andre gjennom å gjere oss erfaringar og reflektere over eigne handlingar i samspelet med andre. Som profesjonell skal du delta i samhandling med barn og bidra til å skape gode relasjonar. Du skal hjelpe og støtte barn og unge i dei sosiale prosessane.

Konfliktar og konflikthandtering

Konfliktar er ein del av livet. Dei oppstår fordi vi menneske er ulike. Vi har ulike behov, interesser og meiningar. Derfor treng vi kunnskap om kva ein konflikt er, kva som kan førebyggje konfliktar, og ferdigheiter til å handtere konfliktane, slik at vi kan rettleie, støtte og hjelpe barn.

Læringsressursar

Konfliktar og konflikthandtering