Hopp til innhald

Fagstoff

Konfliktar i leiken

Når barn leiker saman, kan dei kome opp i konfliktar. Dei som leiker, kan bli usamde om noko. Det kan til dømes vere at eit barn tek noko frå eit anna, at nokon øydelegg noko eit anna barn byggjer, eller at barna er usamde om reglane for leiken.

Når det oppstår ein konflikt, blir det eit brot i leiken. Barna går ut av leiken og inn i ein konflikt. Vi ønskjer då å løyse konflikten så barna finn att flyten og gleda ved leiken. Ein leik bør vere gjensidig og meir prega av samarbeid enn av konflikt.

Barn som prøver å bestemme meir enn andre i leiken, som dyttar andre eller tek ting frå andre, kan bli upopulære. Dei andre barna kan synast at dei øydelegg leiken. Dette kan vi vaksne fange opp ved å observere og delta i leiken til barna. Vi kan hjelpe barna med å finne løysingar i fellesskap, og òg rettleie dei barna som kjem i konflikt med andre barn. Ved å delta aktivt i leiken til barna kan vi hjelpe dei med å finne andre måtar å gjere ting på.

Dersom eit barn ofte tek noko ut av hendene på andre barn og av den grunn blir oppfatta negativt, så kan vi snakke med barnet om det. Vi kan forklare kva det gjer med leiken, og vise barnet korleis det kan spørje om å få låne ting som andre har. Vi kantil dømes lære barnet å vente på tur, finne andre ting å leike med når dei ikkje får det dei vil, og òg hjelpe dei med å akseptere at andre seier nei til å låne bort noko dei er opptekne med. Dette kan ta litt tid, og det krev at dei vaksne må vere tolmodige. Vi må òg lytte til det barnet har å seie, og anerkjenne kjenslene til barnet i denne situasjonen. Når vi klarer å skape ein god og tillitsfull relasjon til barnet, har vi høve til å hjelpe det.

Vi bør òg vere merksame på barn som er meir passive, eller som ikkje klarer å kome inn i leiken med andre barn. Vi kan følgje med på kva dei liker, snakke med dei om dette, invitere dei med på ulike aktivitetar og hjelpe dei inn i leiken med dei andre barna.

Det er vanleg at det oppstår konfliktar når barn leiker. Det viktigaste er at vi vaksne er til stades, ser og observerer det som skjer, og hjelper barna slik at dei får løyst konflikten på best mogleg måte. Då kan dei òg lære noko om å handtere konfliktar og usemje sjølve.

Utfordringar til deg

  1. Gi døme på konfliktar som kan oppstå når barn leiker.
  2. Korleis kan vi som vaksne oppdage konfliktane?
  3. Kva kan vi gjere når det oppstår ein konflikt?
  4. Korleis kan vi rettleie barna til å løyse konflikten sjølve?
CC BY-SASkrive av Guri Bente Hårberg, Hans Holter Solhjell og Gro Nedberg Grønlid. Rettshavar: Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 23.10.2021

Læringsressursar

Konfliktar og konflikthandtering