Hopp til innhald

Fagstoff

Konflikthandtering i barnehagen

Å kunne løyse ein konflikt er ei grunnleggjande sosial ferdigheit. Når vi hjelper og rettleier barn i konfliktar, får dei erfaring med handtere eigne konfliktar. Det gjer at dei kanskje står betre rusta neste gong dei kjem i ein konflikt.
Fleire barn leiker med store, mjuke klossar på eit puterom. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Konflikthandtering

Å kunne handtere konfliktar er ein viktig kompetanse i samspelet med andre. I ein konflikt er det ikkje ein som har rett og ein som tek feil. Det er alltid to partar som prøver så godt dei kan å få dekt behova sine. Barn må lære å uttrykkje behova sine, men òg samtidig å kunne lytte til kva andre treng – så enkelt, men likevel så vanskeleg.

For barn kan sjølv små konfliktar opplevast som kraftige, og vi må vere der og hjelpe barn som ikkje klarer å finne ein utveg i konflikten. Med god rettleiing frå vaksne kan dei få til mykje på eiga hand. Det vil òg gi barnet ei god meistringsoppleving å få til noko på eiga hand.

Vi må aldri stille oss som dommarar og avgjere kven som har rett og kven som tek feil. Då tek vi frå barna moglegheita til å lære å gjere sjølve. Vi skal ikkje løyse konfliktane for barna. Konfliktar er ikkje farlege, dei gir barna gode moglegheiter til å få erfaringar i både å hevde seg sjølv og meiningane sine og å tilpasse seg til andre og vise empati for andre.

Hjelpe og støtte

For å hjelpe og støtte barn i konflikt er det viktig at du som vaksen

  • beheld roa og møter barnet/barna med anerkjenning og nysgjerrigheit

  • prøver å finne ut kva som har skjedd, og lèt barna som er involverte i konflikten, fortelje korleis dei opplevde det og om kjenslene sine

  • høyrer alle versjonar!

  • tek deg tid til å lytte og lyttar for å forstå

  • hjelper barna til å forstå kva som har skjedd, ved å setje ord på det du har forstått eller observert

  • gir barna tid til forklare, er open, hjelper barna med å setje ord på kjenslene sine og anerkjenner kjenslene til barna

  • hjelper barna som har sterke kjensler, anerkjenner kjensla og støttar dei slik at dei kan finne roa igjen

  • spør om barna har nokre forslag til løysing

  • forslår løysingar som barna kan vurdere om dei synest er gode

  • gir positive tilbakemeldingar når du ser at barna prøver å løyse konfliktar sjølv

  • foreslår alternativ til ønskt veremåte, til dømes at dei kan seie "stopp" i staden for å slå når dei blir frustrerte eller sinte

  • aldri tvingar barn til å be om unnskyldning eller tilgiving

  • tilgir barnet

Utfordringar til deg

  1. Kvifor skal vi ikkje løyse konflikten for barna, men løyse han saman med dei?

  2. Kvifor er det viktig å lytte og forstå alle partar i ein konflikt?

  3. Korleis kan vi få erfaring med å vise empati i ein konflikt?

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 23.10.2021

Læringsressursar

Konfliktar og konflikthandtering