Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ulike konfliktsituasjonar i yrkeslivet

På alle arbeidsplassar oppstår det frå tid til anna ulike konfliktar. Dersom konfliktane blir godt handterte, kan dei stimulere til nytenking, engasjere dei tilsette og skape nye idéar. Dersom dei blir handterte uklokt, kan dei øydeleggje eit arbeidsmiljø.
Fire kollegaer diskuterer. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ulike konfliktsituasjonar

Les gjennom dei sju situasjonsskildringane og svar på oppgåvene.

  1. Korleis kan du forstå konflikten? Kva er årsaka, og korleis kjem konflikten til syne?

  2. Kva slags konflikt er dette?

  3. Kva strategi tenkjer du er den beste måten å møte konflikten på, og kven skal ha ansvar for å gjennomføre strategien?

  4. Kva konsekvensar håpar du at den valde strategien får?

Situasjonsskildring 1

Ein dag du kjem på jobb, overhøyrer du ein heftig diskusjon mellom to kollegaer. Dei er svært ueinige i korleis dei skal løyse eit problem som har oppstått på arbeidsplassen. Konflikten eskalerer i løpet av dagen, og du høyrer at dei går og baksnakkar kvarandre.

Situasjonsskildring 2

På arbeidsplassen din har de faste rutinar på kven som skal gjere kva. Ein dag du kjem på jobb, kjem ein av kollegaene dine til deg og er svært lei seg. Ho fortel at ein kollega alltid gjer ei av oppgåvene hennar. Ho fortel at ho har bede kollegaen om å ikkje gjere det, men kollegaen held fram. Ho fortel òg at det er mange på jobben som ikkje liker denne kollegaen som gjer arbeidsoppgåvene hennar.

Situasjonsskildring 3

På arbeidsplassen din har det vore mykje sjukefråvær, og du har mellom anna måtte jobbe mykje ekstra på grunn av det. Du og fleire av kollegaene dine er slitne. De har bede leiinga om å få tak i ekstravakter som kan hjelpe til, men det vil ikkje leiinga gjere. Det oppstår mykje frustrasjon og sinne blant kollegaene, og dette påverkar arbeidsmiljøet negativt.


Situasjonsskildring 4

Arbeidsplassen din har fått beskjed om innsparingar. Leiinga har bestemt at det skal sparast pengar ved å ikkje tilsetje fleire fagarbeidarar, men heller leige inn ufaglærte. Du og kollegaene dine er sterkt ueinige i avgjerda og meiner at det er behov for tilsette med fagkompetanse for å sikre kvalitet og fagleg forsvarlegheit.

Situasjonsskildring 5

Leiaren på arbeidsplassen din er ein person som er svært direkte i talen. I tillegg har personen eit svingande humør, og du veit aldri om du får ros eller ris. Nokre gonger opplever du at du får kjeft for noko som leiaren har bede deg om å gjere, men som vedkommande har gløymt at du har fått beskjed om. I tillegg unngår leiaren å gi deg viktig informasjon. Du kjenner på at du blir usikker og utrygg i jobben.

Situasjonsskildring 6

Ein dag når du kjem på jobb, overhøyrer du at kollegaene dine snakkar om den nye personen som er tilsett. Dei meiner at ho ikkje eignar seg til å jobbe her fordi ho er svaksynt. Leiinga har gitt ho oppgåver som ho er fullt i stand til å gjennomføre, men likevel meiner kollegaene dine at ho vil gi dykk andre meirarbeid sidan ho ikkje kan gjere alt dei andre gjer.

Situasjonsskildring 7

Ein av kollegaene dine har hatt eit tøft liv, og du har fått høyre av nokre av dei andre kollegaene at ho rusa seg mykje då ho var yngre. Ein kveld du har vore ute og ete med nokre vener, ser du ho stå og prate med nokre menneske som vankar i rusmiljøet i byen. På jobben neste dag fortel du det til ein av kollegaene dine. Etter nokre dagar har det spreidd seg eit rykte om at ho rusar seg, noko ho ikkje gjer.



CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 20.08.2021

Læringsressursar

Konfliktar og konflikthandtering