Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ulike konfliktar mellom barn

Her kan du reflektere over korleis du kan handtere ulike konfliktar mellom barn. Du får òg høve til å erfare sjølv gjennom eit rollespel korleis du kan hjelpe og støtte barn i ulike konfliktar.
Lita jente med raud kåpe ser opp mot kamera. Ho er alvorleg. Gult haustlauv i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1. Situasjonsskildringar

Som barne- og ungdomsarbeidar må du følgje med og ta signal på alvor. For nokre barn kan det vere vanskeleg å vurdere korleis andre opplever dei og det dei gjer i leiken. Det er heller ikkje så enkelt for dei å sjå følgjene av det dei gjer, og dei forstår kanskje ikkje sjølve kvifor det blir som det blir.

Barne- og ungdomsarbeidaren kan hjelpe dei med å forstå det som skjer, og rettleie dei i konkrete situasjonar. I ein konflikt mellom barn kan du bidra ved å mekle og ved å hjelpe barna med å finne løysingar og inngå kompromiss.

Konflikt mellom småbarn

Otto og Johannes er begge to år og veldig glade i å leike med den gule, fine traktoren i barnehagen. I dag er det Otto som finn traktoren først, og han er i fin leik med han når Johannes kjem og tek traktoren frå han. Johannes tek med seg traktoren og held han høgt i vêret slik at Otto ikkje kan få tak i han. Otto prøver å få tak i traktoren igjen, men klarer det ikkje, og han byrjar å gråte.

Konflikt i barnehagen

I barnehagen leiker Petra og Klara saman i sandkassa. Begge er fem år. Du observerer at dei leiker godt saman i dag. Tidlegare har du observert at Petra kan vere litt dominerande i leiken, og at Klara blir litt lei av å bli bestemd over. Når du er borte for å hjelpe eit anna barn med å tømme skoen for sand, kjem Petra gråtande bort til deg og fortel at Klara ikkje vil leike saman med ho lenger. Ho seier at "Klara er dum, ho er kjempedum."

Konflikt på SFO

Jenny, Anna, Martin og Sigve leiker med ball på uteområdet. Oliver står og kikar på, og etter ei stund tek han ballen og sparkar han langt av garde. Sigve blir så sint at han går bort til Oliver og gir han ein dytt i ryggen. Oliver fell. Anna og Jenny roper at han er dum, og at han må hente ballen. Oliver reiser seg opp, spring bak skulen og græt.

Jobb med situasjonsskildringane

Jobb saman i par eller grupper. Vel ein av situasjonane over, og reflekter saman om spørsmåla nedanfor. Etter at de har gått gjennom ein situasjon, kan de jobbe vidare med neste.

  1. Kva vil de gjere i denne situasjonen? Forklar og grunngi kvifor de vil gjere det på den måten.

  2. Korleis vil de kommunisere for å skape tryggleik for alle barna i konflikten?

  3. Korleis kan de vareta kjenslene til alle barna?

  4. Korleis vil de samtale med barna og rettleie dei om ulike løysingar? Beskriv konkret kva de vil seie og gjere.

  5. Korleis vil de gå fram for å tilby hjelpa dykkar til det barnet som strevar med samspelet med andre?

  6. Korleis vil de i denne situasjonen jobbe for å skape nære band og gode relasjonar mellom deg som vaksen og barna?

  7. Kva kan de gjere for å styrkje sjølvkjensla og sjølvtilliten til barna i denne situasjonen?

Ei jente sit for seg sjølv og held seg for øyra i eit klasserom. Bak ho sit fire andre barn med nettbrett. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 2. Rollespel

Lag eit rollespel med ein konflikt som har oppstått mellom barn. Vel sjølve alder på barna.

  • Ein av dykk speler rolla som barne- og ungdomsarbeidar som prøver å hjelpe og støtte barna i konflikten. Dei andre speler barna.

  • Øv gjerne fleire gonger slik at alle på gruppa får prøvd å spele barne- og ungdomsarbeidar.

  • Diskuter etter kvar øving korleis de opplevde å vere barn, og korleis det var å vere barne- og ungdomsarbeidar.

Spel rollespelet for klassen. Her kan de velje om de vil spele det, eller om de vil filme rollespelet og vise filmen for klassen.

Refleksjon i klassen

  • Korleis kan ein unngå at ein konflikt endar med ein
    vinnar og ein tapar?

  • Finst det uløyselege konfliktar?

  • Korleis kan de løyse opp i konfliktar på andre måtar enn ved berre å stoppe konflikten?

  • Korleis kan konfliktane bidra til å utvikling og læring?

  • Konfliktar er ulike og blir opplevde ulikt. Kva er det viktig at ein barne- og ungdomsarbeidar gjer for å rettleie, hjelpe og støtte barn og unge i ein konflikt?

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 03.11.2021

Læringsressursar

Konfliktar og konflikthandtering