Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis forstå konfliktar?

I kvardagen knyter vi ofte konfliktar til sterk ueinigheit. Når du jobbar med barn og unge, er det viktig at du prøver å forstå kva som kan vere årsaka til ein konflikt, og korleis konfliktar kan bli uttrykte. Når du finn ut av det, er det lettare å vite korleis du skal handtere konflikten.
To teikningar av eit tre. Det eine treet er utan blad, det andre har blad med pilar ned til bakken og vidare til røtene. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Praktisk øving

Denne praktiske øvinga kan de enten gjere saman i klassen, i mindre grupper eller åleine.

De treng eit stort ark (gjerne A3) og penn.

  1. Teikn eit stort tre med stamme, greiner og røter midt på arket. Skriv "konflikt" i stammen på treet.

  2. Still dykk følgande spørsmål:

    1. Korleis ser ein konflikt ut? Beskriv korleis konfliktane kjem til uttrykk. Noter alt de kjem på. Døme kan vere slag, skriking og så vidare.

      Hugs at mobbing ikkje er ein konflikt, men eit overgrep, og må handterast på ein annan måte enn ein konflikt.

    2. Teikn blad på treet, og skriv inn dei ulike måtane konfliktar kjem til uttrykk på som de fann i oppgåve 2a. Skriv det inn i kvart sitt blad. Til slutt vil treet ha blad med mange ulike ord.

  3. Vi veit at blada får næring frå røtene. I røtene skriv de ned kva de trur kan føre til konflikt. Døme kan vere ulike interesser, meiningar, verdiar, fordommar, kven som bestemmer (makt), ulike kjensler som misunning, sjalusi, sårheit, stoltheit og urettferd.

  4. Om hausten fell blada av treet og blir brotne ned. På bakken startar rotninga og gir næring til røtene. I biletet vårt forsterkar desse årsakene til konfliktuttrykket.

    • Teikn inn pilar mellom blada og røtene for å sjå samanhengen mellom årsak (røtene) og konfliktuttrykket (blada). Til dømes kan sjalusi (rot) føre til krangel (blad), ein krangel kan føre til ei oppleving av sårheit (rot) som igjen kan føre til kjefting (blad), som kan føre til fordommar (rot) og så vidare. Slik kan pilane gå fram og tilbake mellom røtene og blada for å illustrer sambandet mellom årsak og verknad.

    • Kvifor er det nødvendig at vi forstår samanhengen mellom konfliktuttrykk og konfliktårsak?

Refleksjonsspørsmål

  1. Kva trur de er formålet med å skilje mellom uttrykka for konfliktar og årsakene til konfliktar?

  2. Kva for nokre typiske konfliktsituasjonar oppstår i barnehagar og skular/SFO?

    1. Korleis blir dei som oftast løyste?

    2. Er det andre måtar å løyse desse konfliktane på?

  3. Kva konfliktar er vanlegast hos ungdommar?

    1. Korleis oppstår dei, og korleis blir dei løyste?

    2. Korleis kan slike konfliktar førebyggast?

  4. Dersom vi tenker at årsaka til konflikten er ulikt verdisyn (rot), og at det kjem til uttrykk ved at barna skrik (blad) til kvarandre: Korleis skal du då som vaksen handtere konflikten og hjelpe barn og unge til å løyse konflikten?

CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 22.03.2023

Læringsressursar

Konfliktar og konflikthandtering