Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis førebyggje og handtere konfliktar?

Som barne- og ungdomsarbeidar skal du vite kva ein konflikt er, foreslå førebyggjande tiltak og vise metodar for konflikthandtering i praksis. Her får du moglegheit til å jobbe med temaet konfliktar.
Sint jente kikar på ein vaksen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1. Eigne erfaringar i konfliktar

Jobb saman med ein eller fleire medelevar.

  1. Del eigne erfaringar og opplevingar frå ulike konfliktar.

    • Kva kjensler fekk du i konflikten?

    • Korleis handterte du sjølv konflikten?

    • Fekk du hjelp og rettleiing frå nokon andre?

    • Kva førte denne hjelpa til?

    • Korleis ser du på denne konflikten i dag?

    • Kva lærte du av å vere i denne konflikten?

  2. Drøft saman kva som kjenneteiknar god og støttande hjelp i ein konflikt.

Del 2. Førebyggje og handtere konfliktar

Sjå filmen Kort fortalt – Konflikter frå NRK.

Jobb saman i ei gruppe, diskuter og skriv ned det de kjem fram til.

  1. Kva er ein konflikt? Forklar og gi døme.

  2. Korleis kan konfliktar mellom barna og mellom barn og vaksne oppstå? Forklar og gi døme.

  3. Korleis kan vaksne bidra til å førebyggje konfliktar mellom barna og mellom barn og vaksne? Forklar og gi døme.

  4. Kva er ansvaret til barne- og ungdomsarbeidaren i ein konflikt mellom barn? Forklar, gi døme og grunngi.

  5. Det første steget i å hjelpe andre til å handtere ein konflikt er å forstå. Forklar kvifor det å forstå konflikten er viktig for å kunne hjelpe.

  6. Korleis kan de handtere konfliktar mellom barn slik at dei kjenner seg sett og forstått og opplever tryggleik? Beskriv kva de vil gjere, og korleis de vil kommunisere.

  7. Det er viktig at de tek dykk tid når de skal hjelpe barn som er i konflikt. Forklar kvifor.

  8. Som vaksne er det viktig at de observerer og følgjer med på kva som skjer i samspelet. Beskriv korleis de gjennom å observere samspelet til barn kan førebyggje konfliktar og hjelpe og støtte barn i konfliktar.

  9. Nokre vaksne vil gjerne stoppe eller rydde bort konfliktar. Viss barn er ueinige om kven som skal ha ei leike, så vel den vaksne å ta bort den leika dei leika med.

    1. Kva tenkjer de barna lærer då?

    2. Korleis vil de rettleie barna i ein slik situasjon slik at dei opplever å bli forståtte på ønska sine, og kan lære å finne alternative løysingar?

  10. Kvifor kan konfliktar vere lærerike? Forklar, gi døme og grunngi.

Lag ein presentasjon av det de har kome fram til, gjerne ein digital presentasjon i form av ein PowerPoint eller liknande. Del denne med klassen.

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 23.10.2021

Læringsressursar

Konfliktar og konflikthandtering