Hopp til innhald

Fagstoff

Konfliktopptrapping

Når vi menneske kjem i konfliktar, utviklar kjenslene våre og åtferda vår seg stegvis etter kvar vi er i konflikten. Konflikttrappa viser korleis kjenslene utviklar seg i dei fleste konfliktar.
Ei trapp som viser korleis konfliktar utviklar seg stegvis. To personar diskuterer rolig nedst, deretter får dei sintare ansiktsuttrykk, nest øvst er dei så sinte at dei skjelv, og øvst i trappa luggar dei kvarandre og er raude i ansiktet. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Konfliktrappa

Konflikttrappa vart utvikla av konfliktforskar Friedrich Glasl. Det finst ulike variantar av trappa avhengig av kor mange trinn konflikten blir delt inn i, og kva trinna skal innehalde. Vi har valt å dele ho inn i fire nivå, og vi startar nedst i konflikttrappa.

Trinn 1: Meiningsskilnad

Vi er alle ulike og har ulike meiningar, haldningar, verdiar, erfaringar, mål, kunnskap og så vidare. I kvardagen kan det fort oppstå usemje i konkrete saker. Dersom slik usemje får utvikle seg, oppstår det gjerne frustrasjon.

Usemje er vanleg, og det er med på å utvikle oss som menneske. Mange gonger kan det vere sunt og lærerikt når vi menneske ikkje er einige. Dersom vi ikkje går til personlege angrep på dei vi er ueinige med, men derimot er opne for synspunkta til andre, kan konfliktar få oss til å tenke nytt. Vi kan oppleve personleg endring, skape nye idéar og løysingar, det kan engasjere oss og skjerpe sansane våre.

Trinn 2: Personifisering

På trinn to aukar usemja, og det byrjar no å bli ein alvorleg konflikt. Konflikten går frå usemja til å bli personleg. Det er her vi byrjar å legge skulda på kvarandre. Merksemda rundt usemja skiftar frå saka til personen, og ein hentar gjerne inn støtte til si eiga sak hos andre. Til og med erfaringar frå tidlegare episodar blir trekte inn, og konflikten blir meir kjensleladd.

Trinn 3: Dialogen stoppar

På trinn tre kan konflikten gå i to retningar. Han kan anten eskalere, og det blir tydeleg at partane står langt frå kvarandre. Dei sluttar å snakke saman, går ut av rommet viss "fienden" kjem inn, eller dei trekker seg langt vekk frå kvarandre. I tillegg er det vanleg å få fleire "på laget sitt" ved at ein involverer mange inn i konflikten.

Men konflikten kan òg deeskalere fordi vi tenker at det er ikkje så viktig å nytte energi på han. Konflikten blir ikkje så synleg, men ligg der likevel. På ein måte ligg konflikten i "dvale", og han kan blusse opp igjen når som helst.

Trinn 4: Motpolar

På dette trinnet er det no full krig. Her går personane til angrep på kvarandre. Dei sårar kvarandre med ord eller går til fysisk angrep på kvarandre. Her dukkar kjende omgrep som "trakassering" og "krenkingar" opp, og konflikten kan utarte til å bli ei mobbesak.

Å løyse konfliktar

Konflikttrappa kan vere til hjelp både når du skal rettleie og støtte andre i å løyse konfliktane sine, og når du sjølv er involvert i ein konflikt. Då kan du finne ut kvar i trappa prosessen er, for så å starte arbeidet med finne eigna konfliktløysingsmetodar.

Utfordringar til deg

  1. På kva måtar kan usemje vere positivt?

  2. Tenk igjennom ein konflikt du sjølv har opplevd. Kva skjedde på dei ulike trinna?

  3. Kva kan du sjølv gjere for å hindre at ein konflikt du er involvert i, eskalerer?

Kjelder

Djuliman, E. & Hjorth, L. (2007). Bygge broer, ikke murer. Humanist Forlag AS.

Eide, H & Eide, T. (2014). Kommunikasjon i relasjoner. Samhandling, konfliktløsning, etikk. Gyldendal Akademiske.

CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 19.08.2021

Læringsressursar

Konfliktar og konflikthandtering