Hopp til innhald

Fagstoff

Sosialisering til arbeidslivet

Har du tenkt på kva som blir forventa av deg når du begynner på ein ny arbeidsplass? Kva kan du sjølv gjere for å få ein god start?
Fire menn som i antrekk representerer ulike yrker: ingeniør, advokat, lege og kokk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forventningar

Når du er på intervju, framhevar arbeidsgivar gjerne dei positive sidene ved jobben. Dette kan gi deg urealistiske forventningar. Kva forventningar du har til jobben du skal begynne i, vil påverke det første møtet ditt med arbeidsplassen.

I alle jobbar finst det arbeidsoppgåver vi ikkje liker så godt. Du må vere innstilt på å utføre også desse oppgåvene med eit smil.

Oppstart

Når du er ny i ei bedrift, er det mykje du må lære. I tillegg til sjølve jobben skal du bli kjend med bedrifta og dei som jobbar der.

Kva skal du lære?

  • arbeidsoppgåver
  • rolleavklaring
  • organisasjonskultur
  • sosial integrasjon

Arbeidsoppgåver

Som nytilsett vil du få opplæring i bedrifta. Forma på opplæringa kan variere frå formelle opplæringskurs til at du skal lære ved å observere ein kollega som utfører jobben.

I denne fasen er det viktig at du sjølv aktivt søkjer informasjon. Kva forventar arbeidsgivar av deg? Gjer deg kjend med arbeidsoppgåvene og korleis desse skal utførast. Du må tileigne deg kunnskapar og evner du treng for å gjere sjølve jobben.

Rolleavklaring

Fem personar i møteaktivitet. I bakgrunnen står to menn og ei kvinne og snakkar saman framfor ei kvit tavle med mange gule klistrelappar. Framme står ein mann og ei kvinne og diskuterer noko på eit stort ark på bordet framfor dei. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Finn ut kven du skal vende deg til når du lurer på noko. Gjer deg kjend med organisasjonskartet til bedrifta, slik at du veit kven som har ansvar for kva.

Du vil sannsynlegvis høyre til ei arbeidsgruppe, ein seksjon, ei avdeling eller noko liknande. Her er det menneske du må lære deg å samarbeide med. Lær deg namna, og prøv å bli litt kjend med dei andre. Då er det enklare å samarbeide. Observer gruppa: Kva verdiar og finst i gruppa? Korleis er dei mellommenneskelege relasjonane internt i gruppa? Lær deg samarbeidsforma i gruppa, og finn rolla di.

Når du skal tilpasse deg nye menneske, vil du samtidig lære mykje om deg sjølv. Korleis påverkar veremåten din andre, og korleis bør du oppføre deg for å skape eit best mogleg samarbeid på arbeidsplassen? Hugs at du sjølv – og måten du i ulike situasjonar vel å reagere på – er den viktigaste faktoren i ditt eige arbeidsmiljø.

Relatert innhald

Korleis kan du forstå relasjonane på jobben? Få innsikt i korleis du sjølv kan bidra til at relasjonane til kollegaer blir gode.

Organisasjonskultur

Kvar organisasjon har ein eigen kultur, eigne verdiar og eigne mål. Politiet har definert desse verdiane for medarbeidarane sine: modig, heilskapsorientert, respekt og tett på.

Les meir om verdiane til politiet

Politiet: Medarbeidarplattforma i politiet

Som ny i ei bedrift er det viktig at du gjer deg kjend med organisasjonskulturen. Hugs at som tilsett representerer du bedrifta overfor omverda. Det er derfor viktig at du tilpassar deg bedrifta sine verdiar. Sjølv på fritida bør du vere forsiktig med å ytre deg offentleg om ting som er i strid med verdiane til bedrifta. Tenk derfor over kva du skriv i sosiale medium.

Organisasjonskulturen varierer mykje frå bedrift til bedrift. Observer andre, og finn ut korleis dei snakkar med kvarandre og med eventuelle kundar. Opptre høfleg, og ver forsiktig med ironi inntil du har blitt kjend med dei nye arbeidskollegaene dine.

Har bedrifta ein bestemt kleskode? På nokre arbeidsplassar vil du få uniform/arbeidsklede, mens du på andre arbeidsplassar må kle deg etter norma som gjeld der.

Fire smilande vaksne personar i formelle antrekk som vender seg mot kamera. Framme er ei kvinne, og det er tre menn i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sosial integrasjon

For mange kan overgangen frå skule til jobb vere stor, ikkje minst på det sosiale planet. På skulen er dei fleste jamgamle og i same situasjon, noko som gjer det lettare å bli venner. På ein arbeidsplass er det ofte stor variasjon i alder, og mange er allereie etablerte med venner og kanskje familie.

Korleis skal du bli ein del av gjengen? Det er viktig at du sjølv tek initiativ til å bli kjend. Vis interesse for kollegaene dine. Et lunsj saman med dei, og delta på sosiale samankomstar.

Relatert innhald

Vellykka sosialisering

Ei vellykka sosialisering til arbeidslivet er viktig for din eigen trivsel og vil skape ein positiv yrkesidentitet. Vi bruker mykje tid på jobben, så meistring her er viktig for sjølvbiletet vårt. Vi treng ein balanse mellom dei krava, moglegheitene og verdiane som ligg i jobben, og våre eigne ressursar og behov.

For å trivast på ein arbeidsplass treng vi å føle oss trygge, verdsette og respekterte. Dette inneber at vi føler oss velkomne.

Tips til oppstart i den første jobben din
  • Møt presis, gjerne 10 minutt før arbeidsdagen startar.

  • Kom òg presis tilbake frå pausar.

  • Gi beskjed om fråvære, og spør arbeidsgivar korleis dei ønskjer at du gir beskjed viss du er sjuk.

  • Antrekk: Observer kollegaer, og kle deg slik at du passar inn.

  • Munnleg kommunikasjon: Ver høfleg, og unngå bruk av ironi.

  • Skriftleg kommunikasjon: Ver høfleg, og les gjennom e-postar før du sender dei (unngå skrivefeil og kjensleladde formuleringar).

Relatert innhald

Kollegaer får inntrykk av om du respekterer og verdset dei, gjennom kroppsspråket ditt. Du kan dermed påverke relasjonen til dei gjennom kroppsspråket.

CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 08.02.2020

Læringsressursar

Arbeidsliv