Hopp til innhald

Fagstoff

Kva fortel kroppsspråket ditt?

Gjennom kroppsspråket ditt får kollegaene dine inntrykk av om du respekterer og verdset dei. Du kan dermed påverke relasjonen til dei gjennom kroppsspråket. Les om kva du heilt konkret kan gjere for å styrkje forholdet til kollegaene dine og bli rekna som ein del av teamet på jobb.
To kvinner helsar på kvarandre på eit kontor. Dei smiler og har augekontakt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Før du les, tenk etter:

  • Korleis trur du at kollegaene dine opplever deg?
  • Har du nokon gong fått tilbakemelding på korleis kollegaer opplever deg?
  • Er det noko ved deg sjølv som du veit at du kan jobbe med når du møter kollegaene dine?

Ver bevisst på kroppsspråk og veremåte

Ansiktsuttrykket ditt, blikket ditt, korleis du vender kroppen, og kva slags tone du har når du snakkar, spelar inn på korleis andre opplever deg. Alt den første dagen din i ein ny jobb vil kollegaene dine oppleve deg og tolke deg. Derfor er det viktig at du tenkjer gjennom kva slags førsteinntrykk du ønskjer å gi dei.

Ved å vere klar over kroppsspråket ditt og veremåten din kan du påverke kor godt du lykkast med relasjonsbygging. Når du er ny på jobben, er det viktig at du gir kollegaene dine ei oppleving av at du respekterer, aksepterer og verdset dei. Dette gjer du når du handhelsar, har augekontakt med dei og lyttar til det dei fortel deg. Det er òg viktig at du spør og viser interesse for å bli kjend med dei og med jobben du skal gjere.

Under følgjer nokre spørsmål som kan hjelpe deg til å bli meir bevisst på korleis du gjennom kroppsspråk og veremåte kan vise kollegaene dine at du ønskjer å bli kjend med dei og å gjere ein god jobb.

  • Helsar du på nye kollegaer?
  • Smiler du til kollegaene dine, og seier du adjø når du går heim etter arbeidsdagen?
  • Ser kollegaene dine at du småryddar og gjer det fint rundt deg når det ikkje er kundar til stades?
  • Ser kollegaene dine at du reiser deg opp når ein kunde kjem inn?
  • Viser du interesse for kollegaer og kundar?
  • Legg du frå deg mobilen når ein kollega kjem inn på pauserommet, for å signalisere at kollegaen er viktigare for deg enn telefonen?
  • Når ein kollega fortel deg noko om jobben du skal gjere, viser du interesse ved å stille spørsmål og snakke om oppgåvene dine?

Skaff deg innsikt i korleis andre opplever deg

Med kroppsspråket kan du vise at du er oppteken av å bli kjend med kollegaene dine, og at du har lyst til å bli ein del av teamet på jobb. Utfordringa for deg er at du ikkje ser og høyrer deg sjølv. Om du vil bli god på relasjonsbygging, må du skaffe deg innsikt i korleis du verkar på andre. For å få det kan du til dømes be om tilbakemeldingar frå venner og familie, du kan stå framfor ein spegel og undersøkje kroppsspråk og mimikk, og du kan filme deg sjølv i ulike situasjonar.

Tenk etter:

Om du hadde sett ein film av deg sjølv på pauserommet, kva ville du ha sett? Kva er du nøgd med, og er det noko du vil jobbe med for å bli ein endå betre kollega?

Den viktigaste innsikta får du likevel gjennom kommentarar frå andre. For det du ser av deg sjølv, tolkar du gjennom dine eigne briller, og då får du ofte det svaret du ønskjer deg. Vi går gjerne raskt i forsvar når vi opplever at andre set merkelappar på oss. Det er til dømes lett å seie at dei andre på jobben er håplause, eller at kollegaen som gav deg ei kritisk tilbakemelding, må ha hatt ein dårleg dag.

Kva om du prøver ei anna tilnærming? Neste gong du får ein kommentar om noko du har gjort eller sagt, så ta han på alvor og undersøk grundig kva som gjer at den andre opplever deg på ein annan måte enn du opplever deg sjølv. Det kan bli starten på ei spennande reise til større sjølvinnsikt, høgare relasjonskompetanse, betre relasjonsferdigheiter, betre salsresultat og auka trivsel i arbeidskvardagen.

Kva slags kollega er du?

Korleis verkar du eigentleg som kollega? Kva veit du om deg sjølv? Tenk gjennom om nokre av skildringane nedanfor kan gjelde for deg, og om du vil prøve ut nokre av forslaga vi gir:

  • Du har alltid eit oppmerksamt smil om munnen og har lett for å setje andre sine behov føre dine eigne. Undersøk om du oppnår meir av det du ønskjer, ved å halde ein respektfull avstand til kollegaene dine.
  • Du har fart i kroppen, er effektiv og ser alltid ut som du er på veg til neste oppgåve. Det gjer at kollegaene dine opplever at du ikkje har tid til dei, for du står gjerne vendt sidelengs, på veg vidare, med eit blikk som lyser av utolmod. Undersøk om det er meir tenleg å stå vendt rett mot kollegaene dine når du pratar med dei, med begge beina i golvet og med eit ope blikk, slik at du verkar meir tilgjengeleg og viser at du har tid til dei.
  • Du verkar sterk og møter kollegaene dine med kraft og energi. I iveren din etter å lykkast på arbeidsplassen og bli sett av dei andre kan du kanskje verke litt dominerande. Undersøk om det er meir tenleg å vere litt forsiktig, ha ei vennleg framtoning og vere meir spørjande og lyttande enn påståeleg i møte med kollegaer.
  • Du har eit vennleg uttrykk og ein makeleg stil med rolege rørsler. Kollegaene dine kan oppleve at du har litt låg energi, og at ting derfor går litt seint. Undersøk om du får meir kontakt med kollegaene dersom du rettar deg opp og verkar litt meir energisk, med eit vake, interessert blikk.
Ordforklaringar

energi – kraft

kroppsspråk – det ein kommuniserer med kroppen, utan ord

mimikk – ansiktsrørsler

relasjonar – forhold, samband mellom ein sjølv og andre

relasjonsferdigheiter – det å vite korleis ein skal oppføre seg for å knyte gode band til andre

relasjonskompetanse – evne til å forstå seg sjølv når ein er saman med andre

sjølvinnsikt – det å kjenne seg sjølv; innsikt i eigen psyke og eiga åtferd

tolke – her: gjere seg opp ei meining om

vere bevisst – vere klar over, vere merksam på

CC BY-SASkrive av Kristin Aase og Bente Elisabeth Vetland.
Sist fagleg oppdatert 17.02.2020

Læringsressursar

Intern kommunikasjon