Hopp til innhald

Fagstoff

Munnleg kommunikasjon – intern

Gode samtalar med kollegaer er ein del av det som skaper trivsel på jobb, men det kan òg skape problem. Kva må du vite om munnleg kommunikasjon for å ha det bra på jobb?
Kolleger sit på golvet på kontoret og mediterer. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk over:

Kvifor er det viktig for deg å snakke med kollegaer og medelevar?

Fordelar ved munnleg kommunikasjon

Det er mange fordelar med munnleg kommunikasjon. Eit viktig fortrinn er at det er ei kommunikasjonsform som gjer det enkelt å ha ein dialog, der to eller fleire partar samhandlar. I ein munnleg dialog har du den fordelen at du ikkje må vente på reaksjonar på det du har sagt; du får tilbakemeldingar med ein gong. Du ser ofte raskt om den andre ikkje oppfattar kva du har sagt. Og viss du ikkje forstår det som blir sagt, kan du be om ei utdjuping eller ei forklaring.

Mange tema er det best å ta opp ansikt til ansikt, i staden for på e-post. Det gjeld spesielt når det er usemjer om noko. Det er lettare å bruke sterkare uttrykksmåtar når du sit føre ein skjerm enn ansikt til ansikt. Det er òg lettare å tolke det ein annan skriv negativt når de er usamde om ei sak. Møtest de og snakkar om saka, vil andletsuttrykk og stemme hjelpe dykk til å tolke kvarandre meir korrekt.

Krev meir av minnet

Ei ulempe ved munnleg kommunikasjon er at han krev meir av minnet vårt fordi lyden avtek og blir borte. Det er ikkje som med skrift, der du kan gå tilbake og lese eit avsnitt ein gong til. Dette er viktig å tenkje på når du skal overføre informasjon munnleg. Gi éin beskjed om gongen, gjenta spesielt viktig informasjon, og oppsummer hovudpunkta på slutten.

Tenk over:

Kva skal til for at du får med deg beskjedar frå læraren?

Å lytte er like viktig som å snakke

Når du er i ein samtale med ein kollega, må du òg hugse på at det å lytte er ein like viktig del av samtalen som å snakke. Vis at du lyttar med kroppsspråk, blikkontakt og andletsuttrykk. Ta innover deg det den andre seier, og prøv å byggje på det når det er turen din. Sjekk gjerne at du har forstått samtalepartnaren riktig. Viss du berre ventar på turen din til å snakke, går du glipp av viktig informasjon.

Munnleg kommunikasjon i møte

I arbeidslivet er den munnlege kommunikasjonen eit viktig verktøy. Vi møtest ofte for å diskutere viktige saker. Men det er ikkje alltid vi oppnår det vi ønsker med alle møta. Ei god saksliste med tidsrammer for kvar sak er eit godt utgangspunkt for eit møte. Det er òg viktig at nokon leier møtet og styrer kven som kan snakke, slik at alle får bidra til samtalen. Korleis kan vi bidra til gode møte? Her er nokre tips:

  • Be om ordet, ikkje avbryt den som snakkar.
  • Ta i mot alle bidrag med respekt, sjølv om du ikkje er samd.
  • Hald deg til saka.
  • Ver gjerne kritisk og sett ord på problem...
  • ... men pass på at du ikkje berre er negativ, og at du kjem med forslag til løysingar.

Munnleg kommunikasjon og arbeidsmiljøet

Som tilsett i ei bedrift kan òg du bidra til å styrkje samhaldet i bedrifta ved å tenkje over korleis du kommuniserer internt med kollegaer. Klaging og baksnakking kan svekkje samhaldet på ein arbeidsplass. Derfor bør vanskelege saker takast opp med leiinga, tilsettrepresentantar og tillitsvalde.

Tenk over og diskuter:

  • Kvifor kan baksnakking oppstå på ein arbeidsplass?
  • Korleis kan du vere med på å hindre baksnakking?

Oppsummer det du har lese:

Skriv fem til ti setningar om munnleg kommunikasjon med interne. Prøv å bruke dine eigne ord når du formulerer setningane.

Kilde

Svennevig, J. (2009). Språklig samhandling - innføring i kommunikasjonsteori og diskursanalyse. Oslo: Cappelen Damm.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker og Inger Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 17.10.2019

Læringsressursar

Intern kommunikasjon