Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Plikter og rettar som elev i praksisbedrift

For deg som yrkesfagelev er praksis ein del av skulekvardagen. På nokre skular er det praksis i bedrift kvar veke, og på andre skular er det praksis i éi eller fleire veker om gongen. I denne oppgåva skal du utforske kva plikter og rettar du har som praksiselev.
Elev snakkar med lærar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Udir har skrive ei forskrift til yrkesfagleg fordjuping som forklarer formålet med praksis:

Yrkesfaglig fordypning skal gjøre det mulig å veksle mellom læringsarenaer og gi elevene mulighet til å oppleve realistiske arbeidssituasjoner i læringsarbeidet.

Yrkesfaglig fordypning skal gi elevene et godt grunnlag for å velge lærefag og en mulighet for å knytte kontakt med potensielle lærebedrifter. Yrkesfaglig fordypnings skal gi elevene en opplæring som er relevant for deres fremtidige yrkesutøvelse.

Oppgåve

  1. Plikter kan definerast som krav som blir stilte til deg på arbeidsplassen – til dømes plikt til å møte til eit avtalt tidspunkt på arbeidsplassen. Kva plikter har du som elev i praksisbedrifta di?

  2. Rettar er krav som bedrifta skal innfri overfor deg. Til dømes har du krav på eit trygt arbeidsmiljø ifølgje arbeidsmiljølova. Kva rettar har du som elev i praksisbedrifta di?

Tips til lærar

Oppgåvene kan inngå i logg frå praksis eller brukast til refleksjon i klassen.

CC BY-SASkrive av Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2021

Læringsressursar

Arbeidsliv