Hopp til innhald

Fagstoff

Omstilling

Omstilling handlar om store trendar i samfunnet som påverkar arbeidslivet. Bransjar og næringsliv ønskjer å tilpasse seg desse trendane for å vere aktuelle og halde fram med å tene pengar.
Robot framfor eit tastatur og hologram-skjerm. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva driv omstilling?

Berekraft, teknologi og digitalisering er sterke krefter som driv omstilling i dag. Dette er generelle trendar fordi heile samfunnet blir påverka av denne utviklinga, uavhengig av bransje. Omstillingar kan også vere eit resultat av endringar som berre gjeld nokre få bransjar eller yrkesgrupper. Andre årsaker til omstilling kan vere:

  • nye lovkrav
  • felles målsetjingar
  • fusjon/oppkjøp
  • konkurransekraft
  • etterspurnad frå kundar

Tryggingsbransjen er eit døme på ein bransje som har måtta omstille seg på grunn av endra lovkrav frå myndigheitene. Lov om vaktverksemd skal sikre kvaliteten på vektartenestene og har vorte revidert mellom anna fordi politiet og vektarane no jobbar tettare saman.
Du kan lese vaktverksemdlova hos lovdata.no.

I Noreg som første land i verda har tryggingsbransjen og politiet inngått ein intensjonsavtale om samarbeid. Det er ein førebels avtale der partane har som mål (intensjon) å forhandle seg fram til ein endeleg avtale. Avtalen inneber mellom anna at politiet og vektarar har jamlege møte for å utveksle informasjon.

For at samarbeidet med politiet skal fungere best mogleg, er det stilt høgare kompetansekrav til vektarar. Kompetanse handlar om kunnskap, forståing og ferdigheiter. Ein vektar må kunne kommunisere godt, takle konfliktar utan å bruke makt, ha grunnleggjande kjennskap til rettar i tillegg til å ha god forståing for andre kulturar. Vidare må både vektarar og politi ha ei god forståing for rollane og arbeidsoppgåvene til kvarandre. Som eit resultat av dette har tryggingsbransjen vorte mer profesjonell.

Klimamål gjer at bedrifter må endre seg

Klimamål er eit anna døme på kvifor bransjar og næringsliv må omstille seg og bli meir berekraftige.

Visste du at det er eit internasjonalt mål at gjennomsnittstemperaturen på jorda ikkje skal auke med meir enn to gradar samanlikna med tida før den industrielle revolusjon? Altså før midten av 1800-talet!

Eller var du klar over at Noreg har som mål å vere eit lågutsleppssamfunn i 2050? I lågutsleppssamfunnet er klimaspora som kvar nordmann etterlet seg, helt nede i halvtanna tonn CO2 per år. Det inneber at vi må kutte rundt 90–95 prosent av alle utslepp i landet vårt. Viss vi skal nå desse måla, betyr det endring for alle.

I nokre norske fjordar er cruisetrafikken eit stort miljøproblem. Under kan du lese om korleis lokale målsetjingar og avgjerder har tvinga cruiseselskapa til å omstille seg.

Batteridrivne cruiseskip

Som følgje av at kommunar og stader langs kysten vår ikkje lenger vil ha forureining i fjordane sine, har dei begynt å krevje at skip som kjem på besøk, må gå på batteri. Det same gjeld turistbussar. No krev mange at bussane må gå på biodrivstoff, altså drivstoff som ikkje er laga av olje eller kol, eller vere elektriske.

Her dreier det seg altså om omstilling for fleire. Kommunane har vedteke nye krav og laga nye rutinar for korleis dei skal sjekke at krava blir følgde. Reiselivsoperatørane må kanskje bruke nye leverandørar når dei skal ha nye båtar og bussar.

Dette fører til at dei som produserer framkomstmidla, også må omstille seg. Energien bussane og båtane treng, må bli produsert på ein ny måte. Ei omstilling får ofte det vi kallar ringverknader, det vil seie at det gjeld fleire.

Ny teknologi og raskare omstilling

Teknologi, digitalisering og automatisering er ei viktig årsak til at bransjar må omstille seg i dag.

Du har sikkert høyrt mykje snakk om at teknologiske løysingar kjem til å overta mange arbeidsoppgåver som tidlegare har vorte utførte av menneske. Sjølvbetente kasser i butikkar er eit døme på dette. Digitalisering av administrative oppgåver som løn, arkiv og helpdesk på eit kontor er eit anna. Når desse tenestene blir digitaliserte, vil dei bli utførte automatisk.

Det som er spesielt med den teknologiske utviklinga, er at ho skjer i eit høgt tempo og fører til store forandringar. For mange bedrifter er det å endre seg for å utnytte teknologien betre ein prosess som aldri sluttar. For oss som arbeidstakarar vil det seie at vi må tileigne oss ny kompetanse stadig oftare, og vi må vere førebudde på å utføre andre arbeidsoppgåver enn det vi har gjort før.

Om få år kan til dømes ei av arbeidsoppgåvene til ein vektar vere å styre ein drone som overvaker store, uoversiktlege område. Fordi vi handlar meir og meir på nett, blir det færre menneske som jobbar i den fysiske butikken, men fleire som jobbar med kundeservice, marknadsføring, distribusjon og logistikk. Automatiske kasseløysingar, det vil seie kasser utan tilsette, frigjer arbeidskraft til andre oppgåver.

Jobb saman med ein robot

Tenk deg at du er på jobb i ein butikk med klede. Inn kjem ein kunde du aldri har sett før, men likevel veit du at ho heiter Lise, nyttar storleik medium og elskar T-skjorter, svarte jeans og store øyredobbar.

Samarbeider du med ein robot, eller rettare sagt ein kunstig intelligens, er dette den nye arbeidskvardagen din. Kunstig intelligens kjenner att ansikt og kan kople dette saman med data som fortel kva ein kunde har sett på eller kjøpt tidlegare. Denne informasjonen kan du nytte til å yte super service og gi Lise ei spesiell oppleving. Då kjem ho tilbake ein annan gong. Sjølve kjøpet gjer ho truleg på nett.

I butikken i dømet over er ny teknologi eit resultat av ein omstillingsprosess. Sidan handling i stor grad skjer på nett, er mange av kundane som oppsøkjer ein fysisk butikk, meir interessert i sjølve opplevinga enn produkta. Butikken endra seg for å møte dette behovet.

Faglege omgrep

Automatisering: teknikk for å få system til å styre seg sjølve og fungere utan innblanding frå menneske.

Berekraft: omgrepet blir brukt om ein plan eller retning for framtida til planeten og alle som bur her, der vi ikkje bruker opp ressursane. Vi må handle på ein måte som gjer verda til ein betre stad, utan å øydeleggje for dei som kjem etter oss.

Digitalisering: overgang frå manuelle og analoge rutinar til å nytte datateknologi for å få prosessar til å gå automatisk.

Kunstig intelligens: datasystem som er i stand til å gjennomføre oppgåver som vanlegvis krev menneskeleg intelligens.

CC BY-SASkrive av Anne Kristine von Hirsch. Rettshavar: MarkedsPartner
Sist fagleg oppdatert 03.12.2019

Læringsressursar

Arbeidsliv