Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lojalitetskonflikt

Kva vil det seie å vere lojal? På arbeidsplassen kan det av og til vere vanskeleg å vite kven du skal vere lojal mot. I denne oppgåva skal vi sjå nærare på ei tenkt problemstilling i eit reisebyrå.
Ung mann som jobbar i eit reisebyrå, med datamaskin og hovudtelefon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Petter er lærling i eit reisebyrå. Han har ein venn og kollega som han liker godt. Ho er blid og lett å samarbeide med, er populær og godt likt av sjefen. Petter har likevel lenge lagt merke til at ho tek med seg kontorrekvisita heim, og at ho har lange private telefonsamtalar i arbeidstida.

Sjefen klagar på dei høge kostnadene dette påfører bedrifta, men kollegaen held fram som før og skjuler det ikkje for Petter. Ho meiner ikkje at det ho gjer, er feil.

Petter er ein ærleg person og meiner at nettopp ærlegdom er ein viktig eigenskap i jobben.

Petter misliker situasjonen sterkt – han har hamna i ein lojalitetskonflikt.

Diskuter desse spørsmåla i små grupper:

  1. Kva tenkjer de om situasjonen Petter har hamna i? Har de forslag til kva han kan gjere?
  2. Er Petter medskuldig?
  3. Er det illojalt mot bedrifta å ikkje seie frå?
  4. Kven bør Petter gå til dersom han bestemmer seg for å seie frå?
  5. Kva framgangsmåte ville du ha valt?
CC BY-SASkrive av Vegard Floor Søvik og Monica Gjertsen Steinbakken. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 20.10.2021

Læringsressursar

Arbeidsliv